AV: leiar
GLADMAT: I dag opnar Gladmatfestivalen, ein av årets store folkefestar i Stavanger. Sidan 1999 har festivalen utvikla seg til ein veritabel publikumsattraksjon og til ei brei mønstring av matkultur frå ulike land og regionar. Festivalen har også fått god attest frå forskarhald.
Så langt, så godt. Som flaggskip for det som i festtalar og offentlege planar blir kalla Matfylket Rogaland, fungerer Gladmatfestivalen framifrå. Spørsmålet er kva som skjer resten av året, dei 361 dagane mellom festivalslutt og festivalstart. Fungerer festivalen som ein møteplass mellom produsentar og forbrukarar på ein slik måte at det stimulerer til vidareutvikling av ein lokal matkultur for folk flest?
Det er vanskeleg å svara ja på det spørsmålet når ein ser utviklinga det siste tiåret. På produsentsida styrkjer Rogaland stillinga som det dominerande landbruksfylket i landet. Men det aktive produsentmiljøet gir seg ikkje utslag i sterkare satsing på utvikling av lokale produkt. Her er andre regionar meir aktive enn oss. I fjor var bare fire av 168 produkt i den statlege Matmerk-ordninga frå Rogaland. Dette er ei ordning som gir godkjenningsstempel til kvalitetsvarer med lokal og regional tilknyting. Slike varer blir stadig meir etterspurde både av nordmenn og turistar, som jo gjerne er på jakt etter den særeigne smaken. At betalingsviljen for slike varer er større enn for dei masseproduserte, burde også vera interessant for landbruket og matindustrien i eit land som ikkje er skapt for billegproduksjon.
Nordmenn har eit underleg forhold til mat. På den eine sida seier dei fleste av oss at dei føretrekkjer norsk mat framfor importert. På den andre sida reiser me i kø på «harry-handel» i Strömstad eller Hirtshals. Og me oppviser ikkje så lite husmannsånd overfor eigne kvalitetsprodukt. Nationen viste nyleg til eit forsøk med smakstest av norsk spekeskinke. Dei fleste gav skinka høgare karakter då dei vart narra til å tru at ho var produsert i Spania.
Slike eksempel fortel at me har eit stykke å gå i å byggja opp ein norsk matkultur me kan vera stolte av. Dette er ein jobb for heile næringsklynga: bøndene, foredlingsindustrien og serveringsstadene. Problemet er ikkje gourmetrestaurantane og meisterkokkane, for dei representerer oftast norsk matkultur på ein glimrande måte. Derimot manglar det mykje på kvardagsmaten. Det tilbodet me får på vegkroer og kafear er dessverre ofte både preglaust og smaklaust.
Derfor er det positivt med konkurransar som Ganefart, som skal kåra den beste serveringsstaden langs norske vegar. Men igjen ligg Rogaland lågt i terrenget. Bare fem av 100 påmelde deltakarar er frå vårt fylke.
Rogaland har det beste utgangspunktet til å bli eit verkeleg matfylke. Me har bøndene, industrien, forskinga, gastronomiopplæringa og sjølve Festivalen. Men likevel er det noko som manglar. Det bør me ta på alvor når matfesten i Vågen er over.
Kommentarer