Pressens Faglige Utvalg (PFU) har felt TV 2 og Otto Jespersen for jødehets i programmet Torsdagsklubben i fjor haust.
AV: leiar
PFU er inne på eit vanskeleg område når ein gir seg til å vurdera humor og ironi i ein presseetisk samanheng. Det må vera stor takhøgde og vid ytringsfridom på dette feltet, ikkje minst i ei tid der sterke krefter ønskjer trongare grenser.
Etter vårt syn har PFU likevel gjort ei rett vurdering. Sjølv om Jespersen meinte å vera ironisk, var språkbruken så lik den nazistiske antijødiske retorikken at monologen gav eit både ufyseleg og uhyggeleg inntrykk.
PFU er ikkje noko rettsleg organ. Om Jespersens spesielle humor er i strid med norsk lov, er opp til andre å vurdera, og me har ikkje noko ønske om at dette blir ei sak for domstolane. Men det PFU har signalisert, er at det bør vera eit minstemål av samanheng mellom presseskikk og folkeskikk.
Det er godt å få slått fast.
PFU meiner komikaren gjekk over streken i ein monolog der han trekte inn jødeutryddinga under andre verdskrigen. FOTO: Scanpix
Kommentarer