FOTO: Scanpix
Tonen er i ferd med å bli tøffare mellom dei to hovudmotstandarane ved neste års val, Arbeidarpartiet og Høgre. I helga gjekk Erna Solberg til angrep på den økonomiske politikken til regjeringa. Jens Stoltenberg svarer med å skremma med Frp.
AV: leder
Det paradoksale er at dei politiske motpolane slåst om mange av dei same veljarane. I det litt diffuse sentrum av det norske veljarlandskapet er terskelen låg for å hoppa mellom Ap og Høgre.
Dette er veljarar som ikkje er sterkt ideologisk forankra, dei set pris på stø kurs og fast styring, og er lite interesserte i eksperiment, spesielt ikkje i økonomien.
I strateginotatet frå Ap-sekretær Raymond Johansen som nyleg vart lekka til TV2, blir det vedgått at Ap har ei stor konkurranseflate mot Høgre, og at Høgre for tida ligg godt an. Men partiet har eitt svakt punkt, nemleg forholdet til Frp. "Mange er bekymret for Frps økonomiske politikk, og at partiet vil sette ting "over styr"," heiter det i notatet.
Når SV blir disiplinerte i eit regjeringssamarbeid, kan vel det same også skje med Frp?
Det er ingen avansert spådom at dette vil bli ein gjengangar frå Ap fram mot valet i 2013. Partiet hadde også stor suksess med det i 2009. Då Erna Solberg i helga kritiserte Stoltenbergs økonomiske politikk for å vera visjonslaus og lite framtidsretta, kontra statsministeren straks med å etterlysa den felles politikken til Høgre og Frp, spesielt forholdet til handlingsregelen for bruk av oljepengar.
Høgre bør ikkje vera overraska over dette. Partiet forsøkte jo sjølv å skremma med SV forut for valet i 2005, då dei raud-grøne for første gong gjekk til val som eit samla alternativ. At spådommane vart gjorde til skamme, og SV stod fram som økonomisk ansvarlege inntil det sjølvutslettande, kan paradoksalt nok hjelpa Høgre i dag. For når SV blir disiplinerte i eit regjeringssamarbeid, kan vel det same også skje med Frp?
Likevel trur me at dei ikkje-sosialistiske partia har behov for meir samordning av politikken sin dersom dei skal vera truverdige som regjeringsalternativ. Dei raud-grøne hadde trass alt blitt samde om hovudlinjene i europapolitikken, Nato-medlemskapen, handlingsregelen og skattepolitikken før dei gjekk til val. Så langt har ikkje dagens opposisjon kome.
Det er heller ikkje tvil om at avstanden er svært stor mellom KrF og Frp, ytterfløyene i opposisjonen som skal skapa grunnlag for ei ny regjering. I dag er det ikkje lett å sjå for seg ei felles plattform mellom dei to. Avstanden er truleg mindre mellom Ap og Høgre.
Meiningsmålingane for desember 2011 peikar i retning av regjeringsskifte.
Dei raud-grøne regjeringspartia får til saman 71 mandat, 14 for lite til å få fleirtal.
Høgre ligg an til ein framgang på 23 mandat til 53. Frp er likevel nødvendig for å få fleirtal for eit anna regjeringsalternativ.
Kommentarer