Siv Jensen åtvara i talen sin til Frp-landsstyret i helga mot det ho kallar snikislamisering av Norge.
AV: leder:
Eksempel på dette finn ho i hijabsaka, der ei kvinne har søkt om lov til å bruka hijab som del av politiuniforma, ho finn det i den eine skulen i Oslo som lar gutar og jenter ha gymnastikk og bading kvar for seg, og i nokre muslimar sitt krav om å få halalkjøt i norske fengsel.
VISS FRP får styra, sa Siv, skal norsk lov og styresett gjelda, og dei vil ikkje tillata særkrav for nokon enkeltgrupper.
Ho gjekk rett nok ikkje nærmare inn på kva norsk styresett er. Bortsett frå dette med å ikkje tillata særkrav for nokon enkeltgrupper. Det høyrest verkeleg meir totalitært enn demokratisk ut, og dermed ikkje det dei fleste vil sjå som typisk norsk.
HER I LANDET har me også sterke og stolte ideal om at alle skal kunna bli det dei vil og har evner til, og dermed kunna delta i samfunns- og arbeidsliv uavhengig av bakgrunn. Om ikkje alt er idyll, er det få samfunn der så mange har så lik rett på utdanning og kunnskap, og der det er så lett å bevega seg mellom sosiale lag og klasser og mellom sentrum og periferi - sjølv med den raraste dialekten som finst kan ein bli statsråd i Norge.
Viss me nå ser dette som ein viktig del av det norske demokratiet og styresettet, og det veit me jo ikkje om Siv Jensen gjer, for det sa ho aldri noko om - men om me nå definerer det sånn heilt utan å spørja Siv Jensen først, korleis skal me då best ta vare på det?
VIL HIJAB-BRUK i politiet vera eit symbol på at muslimske kvinner kan bidra i samfunnslivet på lik linje med alle andre, eller ville det vera det motsette? Og det same med kjønnsdelte gymtimar - er det med på å sikra at alle får tilgang på den same undervisninga, eller er det å gi etter for haldningar som hindrar nettopp dette?
Det burde gi oss dei mest interessante og viktige verdidiskusjonane me har hatt på årevis. For kor går grensa for kva demokratiet kan forlanga av tilpassing til eigne kulturelle verdiar, før det ikkje lenger er eit demokrati? Og på den andre sida, kor går grensa for kva krav demokratiet skal gi etter for, før det ikkje lenger er eit demokrati?
DET ER UPLØGD mark, dette. Dessverre ser det ut til at det vil forbli det også, skal me overlata det til politikarane. For alle partia til venstre for Siv Jensen blir hjelpelause og klønete når spørsmåla dukkar opp. Og i Siv Jensens eige parti skyv dei kontant våre sterkaste, demokratiske tradisjonar til sides, og grip utan å blunka til totalitære verkemiddel. Nokon burde i det minste fortelja Siv Jensen litt om norsk styresett.
www.aftenbladet.no/debatt
Kommentarer