VIDEO: Reporter: Andreas B. Håmsø og Evelyn Hagen | Foto: Andreas B. Håmsø
Ein treng ikkje drikka for å bli ør av Stavanger kommune sin skjenkepolitikk.
AV: leder:
I fjor innførte dei «kulturbevillinga», tenkt å skulla utvida serveringstida for stader som Checkpoint Charlie, Bøker & Børst og Café Sting, og dermed vippa kulturarrangement i minus over i pluss. Men politikarane definerte aldri kva eit kulturarrangement var.
Det nærmaste dei kom, var å slå fast at arrangementet måtte utgjera hovuddelen i det som trekte folk til skjenkestaden den aktuelle kvelden.
RESULTATET av dette heller ulne kultursynet, for ikkje å seia gangsynet, var at det to månader etter innføringa hadde kome inn 220 søknader om kultur-skjenkeløyve. Bare ein blei avslått. Her kan ein trygt snakka om eit utvida, men sannsynlegvis ikkje utvatna, kulturomgrep. Skal ordninga på noko vis behaldast, må politikarane tora å kalla ei spade for ei spade, ein pub for ein pub, og kultur for kultur. Torer dei ikkje det, får dei heller hiva heile ordninga. I den etter kvart store haugen med mislykka forsøk på å styra skjenkepolitikken i Stavanger.
Kommentarer