Kristin Clemet, tidlegare Høgre-statsråd og nå leiar av tankesmia Civita, er skeptisk til kvotering i politikken. Terra-skandalen kunne kanskje vore unngått om ein hadde vore meir opptatt av å få fram dei beste, seier ho til NRK.
Det er ikkje heilt lett å sjå logikken. Med få unntak er dei involverte kommunepolitikarane menn, det same gjeld rådmennene og økonomisjefane. Ingen av dei er innvandrarar, og det er heller ingen som er påfallande unge eller gamle. Kastar me eit sideblikk på Terra-meklarane, dei største syndarane i denne saka, så er dei utan unntak kvite menn i sin beste alder.
Frå tid til anna kjem det undersøkingar som viser at kvinnelege bedriftsleiarar som hovudregel er både meir forsiktige og mindre grådige enn sine mannlege kollegaer. Og kvinnelege gründerar går sjeldnare konkurs. Kanskje burde det vore kvotert meir både her og der om Terra-skandalen skulle vore unngått? Clemet har i alle fall ei utfordring med å få kart og terreng til å passa saman.
Kommentarer