STAR Wars

Det seier litt om Stavanger at ein bank og eit privat føretak har betre puls på kva som skjer i musikkmiljøet enn deira eigen interesseorganisasjon for dette.

Tusen takk STAR, for pengane me fekk i haust, sette pris på det. Men – med fare for å høyrest utakknemlig ut – kor var desse pengane då me faktisk trengde dei? Det me fekk av STAR i haust tilsvarte ein dårleg betalt spelejobb for oss. Når me nå endeleg faktisk begynner å gå litt i pluss, SÅ kjem dette tilskotet I den størrelsesorden som me opererer i nå reint økonomisk, og med dei massive utgiftene som skal dekkast med desse pengane, så blir dette ein dråpe i havet.


Poenget er, at sjølv om 30.000 ikkje er lite pengar i seg sjølv, så har alt med timing å gjere. Hadde me fått desse pengane eitt år tidlegare hadde det vore pengar me faktisk kunne hatt enormt utbytte av. Dette vitnar om at de ikkje har peiling på kva som skjer i Stavanger i det heile tatt. Sjølv om det er først nå me har eit skikkeleg namn så var me eit ganske godt kjent namn i Stavanger lenge før ting tok av. Me fekk for eksempel 50.000 av SR-Bank eit godt halvår før plata kom ut, noko som var totalt gudesendt for oss på det tidspunktet. Great Moments investerte også omtrent like mykje i plata. Det seier litt om Stavanger at ein bank og eit privat føretak har betre puls på kva som skjer i musikkmiljøet enn deira eigen interesseorganisasjon for dette.

For ikkje å snakke om alle dei gongene me har hatt henvendelsar inne hos dykk, spesielt om øvingslokale. Me har til og med kome med ganske (om eg må få seie det sjølv) fornuftige forslag til tiltak for øvingslokale og måtar for Stavangerband å kome seg ut og spele på, bandbil og showcaser, etc. Me har ikkje høyrt eit kvidder frå dykk, før etter at plata slapp og ting begynte å gå bra. Medgangssupporter trur eg det heiter. Det er først nå me har eit namn som det er verdt å nemne i samanhengar kor ein skal forsvare seg. «Me hjelpte Kvelertak på veg» Nei, de gjorde aldri det. Det høyrest kanskje kynisk ut, men de var for seint ute rett og slett. Thanks, but no thanks. Og øvingscontainarar? Puh-leeeze! Prøv og øv i ein sånn sjølv og sjå kor kult det er.

Det største problemet for unge seriøse dyktige rockemusikarar som vil noko, er at det er så å seie umulig å få tak i øvingslokale i Stavanger. Absolutt alle eg kjenner som spelar i meir eller mindre seriøse band i Stavanger har dyre privateigde øvingslokale, og har hatt det heile karrieren. Men du skal vere heldig viss du i det heile tatt får tak i. Me har gått månadsvis utan øvingslokale. Til og med når me måtte bytte øvingslokale rett før plateslipp og me var desperate, kunne ingen hjelpe oss. Og du kan bare GLØYME å få hjelp av kommunen.

Men det er lett å skylde på STAR. Problemet er Stavanger. Det er faktisk lettare å flytte til Bergen og Oslo og få tak i øvingslokale der. Og det er jo nettopp det alle gjer.Viss du er ein seriøs musikar og bur i Stavanger, så e det KUN fordi du har forpliktingar som tilseier at du ikkje kan flytte. Dette forklarer og kvifor Stavangerband er så drit aldri turnerer eller klarer å lage eit namn for seg.

Første bod Flytt! Det tok ikkje lange tida før Kaizers flagga ut, og me har tenkt å gjere akkurat det same. Stavanger er ikkje ein spesielt digg by å bu i viss du vil spele i band, rett og slett. Me er eit band som har bygd opp alt frå scratch. Me har investert i full backline av eigen lomme, turnert land og strand på all slags tapsprosjekt, og alltid skaffa oss øvingslokale på eiga hand, utan hjelp av STAR eller andre organisasjonar, og I ALLE FALL utan støtte frå Stavanger kommune. Men det er ikkje fordi me ikkje har prøvd å få hjelp!

Det er ein kjensgjerning at kommunen i Stavanger drit totalt i rock. Stavanger kommune har lokale ute på Tou som står tomme og er ideelle for øvingsceller, men dei har rett og slett bare bestemt seg for å rekke ein god lang finger til alle som driv med noko som ikkje er jazz.

Ja, eg veit det er ein klisjé at me rockemusikarar klage på at jazzen får så mye spenn. Men me kan då få NOKO! Stavanger kommune har aldri løfta ein finger for oss. Såg nettopp at Honningbarna fekk 400.000 eller noko i støtte av Kristiansand kommune fordi det går så bra med dei for tida (fortent nok). Dette før dei i det heile tatt hadde vunne Urørtfinalen. 400 laken! Kristiansand kommune!

Stavanger kommune, kulturhovudstad og oljemekka som formeleg renn over av spenn, klarer ikkje å hoste opp litt vekslepengar ein gong til band som markerer seg (ja der er eit par av dei, ufatteleg nok). Mens kulturbastionen Kristiansand (ironi) hiv seg på saka med EIN gong dei ser eit band som har potensial til å gjere det bra. Noko er galt her!

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Si din mening

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest