• Altibox-kundene mister seks kanaler, men får syv nye i grunnpakken.

Altibox-kundar ser svart

For å behalda MTV og Disney Junior må ein no ut med 299 kroner ekstra i månaden.

Frå første april vert Disney Jr. bytta ut med Boomerang og Cartoon Network i Altiboxs grunnpakke. Det same gjeld VH 1, MTV og tre andre kanalar. For å behalda desse må ein ha Viasat Gull, som kostar 299 kroner ekstra i månaden. Om lag 62 000 rogalendingar har denne basispakken.

Frustrert igjen

- Tilboda vert berre dårlegare og dårlegare, og tydelegvis vil dei berre tena pengar. Vi har ei dotter på to, og vil gjerne behalda Disney Junior. Dette er ein god, seriøs og lærerik kanal. Alternativa er valdelege og dårlege, seier Lasse Østli Andersen frå Drammen. I fjor starta han ei facebookgruppe om ei liknande sak, som fekk Altibox til å snu. Då ville dei fjerna Discovery og Animal Planet.

Men dette er ikkje den einaste nyhenda Altibox melder. Basispakken vil også stiga frå 299 til 359 kroner. Musikk-kanalane vert fjerna, og betalte opptak forsvinner frå dei gamle kanalane. På Facebooksida til Altibox aktiviteten vore stor. Sida er full av sinte meldingar frå kundar.

- I dag har eg ringt Canal Digital for å få ei betre tilbod. Eg kjem til å bytta til det, då eg faktisk sparar om lag 300 kroner på det, seier han.

I fjor starta han ei facebookgruppe som fekk 5282 tilhengarar. Då ville nemlig Altibox fjerna Discovery TLC og Animal Planet frå grunnpakka. Fleire reagerte, og Altibox på delar av endringane.

- Eg starta ei ny facebookgruppe i dag, og eg håpar det same vil skje igjen, seier han.

Gruppa har allereie fått 175 medlemmar.

- Det folk mislikar mest er at dei fjernar musikk-kanalen MTV, Disney Jr, men også at alle opptak som er gjort forsvinner med kanalane. Er det riktig når ein har betalt for det, spør Østli Andersen.

Vil ikkje snu

- Me beklagar at folk kjenner det slik, og me forstår frustrasjonen. Men alternativet dei no vil få er betre, seier administrerande direkør Leif Aarthun Ims i Altibox.

- Seks kanalar går ut, men vi får sju andre inn. Barnekanalane vil bli erstatta med andre som er like kjente, seier Aarthun Ims.

I alt har dei økt med ni kanalar sidan forgje prisjustering. Altibox chill, med 26 kanalar, inngår no i basispakken. Direktøren trur ikkje kundane vil spara på å skifta leverandør.

- Altibox er nest billegast av dei fire største TV-leverandørane. I tillegg er vi den einaste som har hatt Disney Jr. i basispakken den siste tida. Så vidt eg veit, fins denne heller ikkje hjå andre leverandørar framover. Vi har også fleire kanalar enn både Get og Riks-TV samla sett. Dessutan er prisstigning noko som gjeld alle leverandørar i desse tider, seier han.

Altibox jobbar no for at kundane skal få behalda opptaka som er gjort.

- Men det er ei meir krevjande teknisk omlegging enn vi tidlegare trudde, seier han.

Altibox vil ikkje snu når det gjelder kanalane.

- Me vil ikkje endra på dette. Basispakken vil bli som varsla frå første april, avsluttar han.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Nyheter

Pinseutfarten skaper problemer i flytrafikken

En rekke forsinkelser både på Sola og Gardemoen.

Skeisvangelever vant Statoil-pris

Joachim Reiersen, Kenneth André Sydness og Simen-Andreas Gjerde fra Skeisvang videregående skole i Haugesund har vunnet Statoils nasjonale pris for unge innen realfag.

Sønnen til Julius druknet

Den ene sønnen til sjimpansen Julius druknet torsdag.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest