Dei raud-grøne i transportkomiteen på Stortinget, med Hallgeir H. Langeland (SV) i spissen, har hemmelegstempla sine 35 innspel til regjeringa før revidert nasjonalbudsjett.
AV: jarle natland
Men øvst på lista står beløning til kommunar og regionar som innfører rushtid-avgift etter svensk mønster og straff til dei tilsette som har gratis parkeringsplass.
35 punkt
- Regjeringa kjem med sine sektorvise klimahandlingsplanar før sommaren. Difor har det raud-grøne fleirtalet i komiteen laga 35 punkt til nyttige innspel før revidert og klimahandlingsplanen kjem, seier Langeland til Aftenbladet.
Langeland er vanlegvis ein varm tilhengar av offentleg innsyn, men i dette høvet er innspelet hemmelegstempla som internt dokument.
Glad
Langeland set stor pris på Aftenbladets reportasje frå køståar-tida i Stockholm i går. Der viser det seg at folket i den svenske hovudstaden vil ha gjeninnført den opphavleg upopulære avgifta, som førte til at kvar fjerde bil forsvann i rushtida.
- Me vil ha utløyst statlege pengar for å styrka kollektivtrafikken i storbyane og ikkje minst på Nord-Jæren, seier Langeland.
SVs samferdselspolitiske talsmann kjenner Stockholms-eksperimentet svært godt.
- Å stå i kø tyder forseinkingar og miljøforureining. Politikarane på Nord-Jæren, særleg i Høgre, har for mykje Ole Brumm over seg. Dei vil gjerne ha dobbeltspor og meir pengar til buss, men dei tek ikkje innover seg at det trengst litt pisk òg for å få ned privatbilismen, seier Langeland.
Folk flest
Han viser til at rushtid-avgifta faktisk hjelpte i den svenske hovudstaden - og at folket sjølv vil ha det attende etter år utan.
- Eg er på ingen måte imot dobbeltspor og meir pengar til buss, som alle veit. Men eg trur at tida er inne for Nord-Jæren sine politikarar til å seia at tida er inne til å prøva Stockholms-modellen, seier Langeland.
Dyrt nok?
- Kva med å auka bensinavgifta? Er norsk bensin dyr nok, etter ditt syn?
- Du jaktar på ein tittel til eit Frp-oppslag. Men å auka bensinavgifta endå meir er ei individuell løysing, der me heller vil ha kollektive løysingar som rushtidavgifta og skatt på p-plassane utgjer, seier Langeland.
Langeland er heller ikkje berre ute etter å skattlegga parkeringsplassane, men vil også gjera det enklare å motta kollektivkort av arbeidsgjevar, utan at arbeidstakar må skatta fullt ut.Saka:
Folk i Stockholm vil ha rushtid- avgift. Raud-grøne på Stortinget syner til svenske erfaringar før revidert nasjonalbudsjett.
Kommentarer