Klimarapporten:

Klimaet kan bli mellombels kaldare

Forskingsleiar Svein Sundby ved Havforskingsinstituttet fryktar at media og klimaskeptikarar vil avblåsa klimakrisa, dersom naturlege svingingar gir nokre kaldare år.

Forskarane har teikn på at me er inne i langt meir drastiske endringar enn før. Sundby er svært klar på at endringane ikkje berre skuldast menneskeskapte klimagassutslepp.

- Me klimaforskarar skyt oss sjølv i foten dersom me underkommuniserer dei naturlege langperiodiske endringane. Desse temperaturvariasjonane i hav og luft går i periodar på 70 år.

Desse svingingane har me forskarar ikkje særleg godt tak på. Me skjønnar ikkje årsakene bak, og kan derfor ikkje ta dei med i klimamodellane, seier Sundby.Temperaturen går over tid naturleg opp og ned, men den langsiktige trenden er oppadgåande.

Professoren understrekar at dei naturlege endringane framover kan gje ei utflating i temperaturen og kanskje også ei nedkjøling fram mot 2020-2030.

- Må endra samfunnet

- Deretter vil det truleg bli endå varmare igjen, fordi dei naturlege langperiodiske svingingane og dei menneskeskapte klimaendringane over tid dreg same veg, seier Sundby. Altså oppover.Han fryktar at klima-skeptikarar vil avlysa drivhuseffekten dersom me får ein periode med litt kjøligare klima.- For me er nøydde til å endra åtferd i retning av eit karbonfritt samfunn i løpet av dei næraste 10, kanskje 20 åra. Alt nå må me begynna å endra våre teknologiske system, og vil ganske enkelt oppnå utsleppskutt på 50 - 80 prosent, hevdar Sundby. Han viser til eit breitt spekter av verkemiddel: Vindmøller, solenergi, deponering av CO2 i berggrunnen, og i nye bustader: Varmepumper med jord til luft for oppvarming av vatn og rom.

- Nokre spekulerer også i kjernekraftverk, sjølv om eg personleg er svært skeptisk, seier forskar Svein Sundby ved Havforskingsinstituttet og Bjerknessenteret.

turid.furdal@ aftenbladet.no

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Innenriks

NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter

Et NRK-team skal ifølge kanalen ha blitt holdt igjen på flyplassen i Baku og utsatt for overgrep. Utenriksdepartementet ser alvorlig på hendelsen.

To menn knivstukket i Østfold

To menn i 30-årene ble natt til lørdag knivstukket, den ene av dem alvorlig, i Spydeberg i Østfold.

To menn knivstukket i Østfold

To menn i 30-årene ble natt til lørdag knivstukket, den ene av dem alvorlig, i Spydeberg i Østfold.

Kronprinsparet ved Kongebjørka

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit la lørdag turen innom den legendariske Kongebjørka ved Glomstua i Molde.

Streiken biter dobbelt så hardt over pinse

Mens det fortsatt mekles om oppgjøret i Oslo, gjør nesten 50.000 seg klare til å delta i protesten mot arbeidsgiverne i stat og kommune neste uke.

Relaterte bilder

FOTO: Kristian Jacobsen

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest