Fornærma i sexsjikanesaka:

- Livet har vore eit mareritt

Kvinna (30) i sjikanesaka har vald å senda ut ei pressemelding via lokalavisa Ryfylke for å fortelja korleis ho har det nå.

Fornærma legg ikkje skjul på at det siste halvanna året har vore eit mareritt og ei stor påkjenning for henne.

Det heile starta med at vegger og/eller vindauge med ujamne mellomrom blei påskribla slibrige ord og setningar.

Blei redd og mistenksam

- Eg følte meg også overvaka kveldar og netter. Heile tida svirra tankane mine rundt kven dette kunne vera, og om personen ville meg vondt?

Kvinna fortel at ho blei redd – humøret og psyken var heilt på botn. Til tider blei det så ille, at ho mistenkte alle rundt seg – omtrent venninnene også – for å stå bak.

Sjikaneringane melde ho til politiet etter kvart som dei skjedde.

Mens dette pågjekk, hadde saudakvinna dagleg kontakt med Andreas Drarvik, som ho hadde tillit til.

- Etter kvart dukka likevel ein gryande mistanke opp om det kunne vere han som luska rundt i hagen, og som skreiv på vindauga. Denne mistanken blei spesielt styrka etter at eg oppdaga ordføraren i garasjen min på ei tid då han absolutt ikkje hadde grunn til å vere der.

- La ei felle

- Eg var sliten av redsel og press og ville ha ein ende på det. Difor fekk eg med meg venner til å sitja vakt. Fredag kveld i sist veke laga vi ei felle for å ta mannen på fersk gjerning.

- Han kom. Vennene mine såg mannen snika seg inn i hagen via oppkjørselen til ein nabo. Eg blei skremd av å sjå mannen stå og kikka inn stovevindauga mitt, og endå meir skremd då eg såg kor opprørt og sint han såg ut. Men eg var ikkje overraska over å sjå kven det var. Det var den personen eg mistenkte, og som me hadde laga fella for, fortel kvinna.

Ho legg til at vennene hennar såg at han hadde noko i handa, som dei frykta kunne vera eit våpen. Politiet blei difor kontakta.

Til slutt uttrykker kvinna glede over at det nå ser ut til at marerittet er over. Ho håpar at ho og familien kan få fred.

På grunn av barnet sitt, ønsker kvinna å vera anonym.





Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Lokalt

Alle tunnelers mor bør bli en helgen

I dag sitter Klippenberg i den sørlige provinsen og lurer på om vi må skifte navn fra Rogaland fylke til Ry fylke for å få kroner til veier og tunneler.

30 grader forskjell på under én måned

Mai startet surt, men ligger an til en knallvarm sluttspurt. Fra Eik-Hove i Lund er det registrert temperatursprang på 30,2 grader.

Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt

Det er opprettet tilsynssak mot akuttmottaket ved SUS etter at de sendte hjem den 17 år gamle Lise. På sykehuset var de mest opptatt av å bli kvitt en brysom pasient. Samme ettermiddag forsøkte hun å ta livet sitt.

Egersund rocker i sommervarmen

Bluesfestivalen er en økonomisk suksess allerede før siste kvelden. Når Waterboys går av scenen natt til søndag kan arrangøren glede seg over penger i kassen og et 10 års jubileum som har overgått alle forventingene.

Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles

Flere vegrer seg for å dusje i fellesgarderober, samtidig viser ny svensk undersøkelse at mange unge eksponerer seg seksuelt på nett.

Relaterte bilder

FOTO: Privat.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest