Sauebøndene Olav Vetrhus og Knut Sveinung Kleppa vil jerven til livs litt raskt. Dei er frustrerte over å måtta driva med tungvinn og tidkrevjande lisensjakt.
AV: heidi hjorteland wigestrand
Ein rask telefonrunde til sankelag og sauebønder i Ryfylke viser at årets tap av sauer og lam vil bli høgare enn normalt. Aftenbladet får i løpet av ein time vita om 34 manglande sauer og 248 lam blant dei hardast råka bøndene i Strand, Hjelmeland og Suldal.
Bøndene fryktar at jerveplaga vil auka på. Det er observert to ulike jervhannar i området, i tillegg trur mange at det er ei tispe som har vore på ferde i Lyseheiane i haust.
– Bønder i Nord-Norge har fortald meg at jervetapa kan vera relativt små i fleire år, heilt til jervemor får to halvstore ungar som ho vil læra opp i jakt. Då eksploderer tapa. Det kan fort skje her også, utan effektiv jervejakt, åtvarar Knut Sveinung Kleppa.
Jerven står bak
Ettersankinga er ennå ikkje heilt ferdig, men bøndene kan slå fast at tapa blir store. Det meste av tapet trur bøndene jerven står bak. I fleire tilfelle er dette også stadfesta gjennom obduksjon.
Under eit normalår reknar ein bonde med å mista to til tre prosent av dyra sine. I år har somme bønder lidd tap på mellom 10 og 15 prosent. Verst har det gått ut over bønder i Hjelmeland og Strand som har sauer i Årdalsheiane/Lyseheiane. I beiteområda i Sauda, har tapa vore minimale i år, sjølv om jerven også skal ha vore observert her.
Olav Vetrhus er truleg den bonden i Suldal som er mest plaga av rovdyr. I fjor mista han 21 lam. I år saknar han fire sauer og tolv lam. Det er sett jerv i området.
Sauebøndene vil nå søka Fylkesmannen om erstatning for dei daude dyra.
Erstatning
I 2007 betalte Fylkesmannen ut erstatning for 22 sauer og lam som blei drepne av jerv i Suldal. I tillegg fekk bønder som hadde sauer i grenseområdet mellom Sokndal og Lund erstatning for skade valda av rovdyr, utan at det blei fastslege kva dyr det var. Erstatninga for eit lam drepe av rovdyr ligg rundt ein tusenlapp.
Olav Strand i Strand sankelag meiner at så fine og feite lamma er i haust, bør ein bonde ha rundt 1500 kroner i erstatning for eit lam. Strand sankelag sende 473 sauer og 714 lam til heis i sommar. 14 sauer og 102 lam kom ikkje heim att til hausten. Olav Strand fortel at på 35 år har sankelaget aldri vore i nærleiken av slike tapstal.
Nilsebu Beitelag i Årdal sende opp 290 dyr og har truleg mista sju sauer og 57 lam.
Tek helst lam
I Kleppa sankelag manglar dei også mange sauer. Peder Kleppa saknar sju sauer og 36 lam. Jens Kleppa veit ennå ikkje kor mange dyr han saknar, men han har fått fleire sauer heim utan lam.
Ordførar og sauebonde Bjørn Laugaland manglar to sauer og 23 lam. Laugaland reknar med jerven står bak sidan dette rovdyret spesialiserer seg på lam. Berre kvart tiande dyr jerven tek er ein sau, forklarer han.
Knut Sveinung Kleppa har sauer i Breiborg-traktene i Sauda og har ikkje lidd store tap i år. Han er likevel sterkt misnøgd med rovdyrpolitikken. Både han og Olav Vetrhus meiner Fylkesmannen må ta jerveproblemet på alvor. Dei viser til at jerven blir sett kvart år i Suldal. Begge er frustrerte over at Fylkesmannen ikkje opnar for skadefelling av jerv, kor ein mellom anna kan ta i bruk helikopter for å få has på rovdyret.
Bind opp bøndene
– Ein snakkar om at det er dyrt med helikopter, men det går sanneleg ressursar med når mange bønder skal jakta på jerven veke etter veke gjennom vanleg lisensjakt også. Det er som å leita etter nåla i høystakken, hevdar Olav Vetrhus.
Han er overgidd over at Fylkesmannen ikkje opnar for meir effektiv jervejakt i eit område som politikarane har bestemt skal vera fritt for større rovdyr.
Flest i nord: Vinterbestanden av jerv i Norge er på om lag 354 individ (2004-2006). Av desse er cirka 255 i Nord- Norge.
Styerk tilbakegang: Jakt på grunn av skader på husdyr var årsaka til ein sterk tilbakegang i jervebestanden i Sør- Norge første halvdel av 1900-talet. Sidan 1970-talet har talet på jerv auka både i Nord-Norge, Trøndelag og i fjellområde i Sør-Norge.
Freda: Jerven vart freda i Sverige i 1968 og Sør-Norge i 1973. I 2006 er det registrert 57 ynglingar av jerv på landsbasis. Dermed er det nasjonale målet for jerv på 39 årlege ynglingar oppnådd.
To område: Det eine hovudområdet for jerven går frå Nord-Norge og sørover langs svenskegrensa til Femunden. Det andre er omkring Dovre, Rondane, Reinheimen og Snøhetta, og seinare sørover i Hedmark.
Lisensfelling: I område kor det er fastsett at ein ikkje skal ha ynglingar av jerv, er lisensfelling og skadefelling dei viktigaste tiltaka for å regulera bestanden.
(Kjelde: Miljøstatus i Norge)
– God tid til jervejakt
Viltforvaltar Anders Braa hjå Fylkesmannen i Rogaland seier at bøndene har god tid til å jakta jerv gjennom lisensjakta som går frå 10.september til 15.februar.
Ifølge Braa blir skadefellingsløyve helst gitt i ein akutt pågåande situasjon.
– Nå er sauene komne i hus, dermed er tapsfaren over for i år. Eg vil likevel ikkje utelukka framtidig skadefelling, og bøndene har høve til å søka om dette heile året, forklarer Braa.
Det er opna for lisensjakt på ein jerv i Suldal og Sauda kommunar. I tillegg er det lov å ta ein jerv til på regionkvoten, som gjeld fleire fylke. Det betyr at om ein jerv fell på Hardangervidda, kan bøndene ikkje skyta ein jerv i Lyseheiane veka etter. På den andre sida opnar regelverket for at det kan skytast to jervar i Suldal/Sauda, om jegrane skulle slumpa til å komma over to dyr før regionkvoten er oppbrukt ein annan stad på Vestlandet.
Jerv har for øvrig blitt skoten frå helikopter ein gong tidlegare i Rogaland. Det skjedde i Suldal april 1967. Den jerven hadde drepe over 350 sauer.
Kommentarer