24 sauebønder i Rogaland får erstatning for dyr som er drepne av rovdyr i sommar. Fire har fått avslag.
AV: jone laugaland tekst knut s. vindfallet foto
Jone Laugaland tekst
Knut S. Vindfallet foto
LANDBRUK: - Fylkesmannen i Rogaland skal totalt betala ut 453.000 kroner i erstatning for 21 sauer og 240 lam som er drepne av rovdyr på beite i sommar, opplyser viltkonsulent Anders T. Braa hos Fylkesmannen i Rogaland.
Det kom inn i alt 28 søknader om erstatning for totalt 44 sauer og 403 lam. Berre fire av søknadene blei avslått, men ein del har fått avkorta erstatning.
Dei fleste får erstatning for sauer og lam som blei drepne av jerv i Lyseheiane i Hjelmeland og Forsand kommunar. Totalt blir det gjeve erstatning for 13 sauer og 178 lam som jerven har teke.
Vidare blir det betalt ut erstatning for åtte sauer og 37 lam som er drepne av gaupe. Dei fordeler seg på tre område: Jelsa i Suldal, Årdal i Hjelmeland og eit område i Sokndal.
To bønder får erstatning for tilsaman 25 lam som er tekne av kongeørn i Forsand og Karmøy kommunar.
- Når ein del av søkjarane får avslag, er det ikkje for at Fylkesmannen i Rogaland mistrur søkjarane. Årsaka er det ikkje er tilstrekkjeleg sannsynleggjort at det er rovdyr som har drepe dyra som bøndene har mista, seier viltkonsulent Braa.
FOTO: Knut S. Vindfallet
Kommentarer