• Då Aftenbladet kontrollerte blinklysbruken i rundkøyringa ved Rogaland Teater passerte over 1000 bilar utan å blinka seg ut. Det kunne gjeve politiet to millionar kroner i bøteinntekter.

    FOTO: Rune Vandvik

Bergenspoliti håva inn pengar i rundkøyring

Manglande blinklysbruk i rundkøyringar gjorde at politiet i Bergen tente 160.000 kroner på to kontrollar.

12. oktober og 8. november i fjor kontrollerte politiet i Bergen blinklysbruken i rundkøyringa i Fjøsangerveien ved Kanalveien.

- 34 bilførarar fekk forenkla førelegg. I tillegg nekta ein å ta i mot førelegget, og han vert meld. Me tok berre ein brøkdel, og kunne tatt fem gongar så mange, sa politioverbetjent Jan Petter Selle i Bergen sentrum politistasjon til Bergensavisen etter kontrollen.

Selle varsla ny kontroll då Bergensavisen snakka med han etter kontrollen. Då politiet hadde kontroll fire veker seinare måtte 45 bilistar ut med 2000 kroner kvar for å ha droppa blinklyset.

- Det spesielle med akkurat denne rundkøyringa er at det er to felt i kvar retning. Dei som vart bøtelagt var dei som kom frå sentrum og skulle sydover som køyrde rett gjennom rundkøyringa utan å blinka. Når det er mykje trafikk må bilane som kjem motsett retning stoppa og venta dersom bilen ikkje blinkar seg ut, og då hopar det seg ekstra opp, seier Selle.

160.000 i bøter

På fyrste kontrollen brukte politiet mindre enn ein time, medan dei bruka over to timar på andre kontrollen.

- Grunnen til at me ikkje har fleire kontrollar på blinklys er rett og slett fordi me har avgrensa ressursar og må prioritera fart og rus, seier Selle.

Paragraf 14.2 i Forskrift om kjørende og gående trafikk er gjeldande for rundkøyringar. Lova seier at "ved svinging, eller annen vesentlig endring av kjøretøyets plassering i sideretning, skal det til veiledning for annen trafikant gis tegn." Dermed skal alle bilistar blinka seg ut av rundkøyringa. Brot på lova fører til 2000 kroner i bot om du vert teken. Det vil seia at dei 80 bilistane som Bergenspolitiet stoppa måtte ut med 160.000 kroner til saman.

- Heilt ærleg skulle me helst sett at me ikkje hadde trengt å gje ut ei einaste bot. Å blinka ut av ei rundkøyring er elementær lærdom og me har andre område me heller skulle konsentrert oss om, sa leiar Jens Kleppe ved trafikkseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon til Bergensavisen etter den andre kontrollen.

Ikkje prioritert i Rogaland

Aftenbladet sjekka blinklysbruken til Rogalendingar i den firearma rundkøyringa ved Rogaland Teater måndag 23. januar. I løpet av ein halvtime passerte 1157 køyretøy. Av dei valte 896 bilførarar å ikkje setja på blinklyset. Totalt var det 1003 personar som ikkje blinka seg ut av rundkøyringa. Dersom politiet skulle bøtelagt alle desse førarane med 2000 kroner kvar tilsvarer det 2.006.000 kroner.

- Det er veldig sjeldan me kontrollerer blinklys i rundkøyringar. Det er ikkje eit område me prioriterer. Rundkøyringane har ulik utforming og mange er så små at du ikkje rekk å blinka eingong før du er ute av rundkøyringa, seier seksjonsleiar for trafikk Rune Svensen ved Stavanger politistasjon.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Lokalt

Alle tunnelers mor bør bli en helgen

I dag sitter Klippenberg i den sørlige provinsen og lurer på om vi må skifte navn fra Rogaland fylke til Ry fylke for å få kroner til veier og tunneler.

30 grader forskjell på under én måned

Mai startet surt, men ligger an til en knallvarm sluttspurt. Fra Eik-Hove i Lund er det registrert temperatursprang på 30,2 grader.

Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt

Det er opprettet tilsynssak mot akuttmottaket ved SUS etter at de sendte hjem den 17 år gamle Lise. På sykehuset var de mest opptatt av å bli kvitt en brysom pasient. Samme ettermiddag forsøkte hun å ta livet sitt.

Egersund rocker i sommervarmen

Bluesfestivalen er en økonomisk suksess allerede før siste kvelden. Når Waterboys går av scenen natt til søndag kan arrangøren glede seg over penger i kassen og et 10 års jubileum som har overgått alle forventingene.

Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles

Flere vegrer seg for å dusje i fellesgarderober, samtidig viser ny svensk undersøkelse at mange unge eksponerer seg seksuelt på nett.

På forsiden nå

Siste saker