– Dette er eit lovbrot, seier elevar i den vidaregåande skulen. Dei reagerer på at lærebøkene berre er komne på bokmål.
AV: ine mæland goa
Opplæringslova seier at «I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.»
Men elevar som treng nye bøker etter Kunnskapsløftet, ventar forgjeves.
– Dårleg gjort
– Me har enno ikkje fått bøkene på nynorsk. Det er dårleg gjort, og me vil streika for å markera det, seier Eirik Wixøe Svela i Målsiddisane.
– Kven er skuld i dette?
– Me legg skulda likt på forlaga og på Øystein Djupedal. Reforma kom i fjor, og dei har hatt god tid på seg. Me finn oss ikkje i at dei trakker på nynorskelevane, seier Wixøe Svela.
Streik i skulen
Torsdag streikar elevane ved flere videaregåande skular i Oslo, Bergen og andre byar.
Mandag blir bokmangelen markert på Kongsgård i Stavanger. Invitasjonen går ut til alle elevar på sentrumsskulane.
– Der har me flest medlemmer og sympatisørar, seier Wixøe Svela.
– Dette er eit lovbrot
Ulrikke Sægrov er nestleiar i Norsk Målungdom . Ho meiner nynorsk blir nedprioritert.
– Dette er eit lovbrot. Det skjer utroleg ofte at me må venta på bøker på nynorsk. Spesielt etter Kunnskapsløftet har dette vore eit problem, seier ho.
Skolebøker på nynorsk er Målungdommen si hovudsak for tida.
– Me har ikkje tenkt til å gje Djupedal fred i denne saka, seier leiarane i Norsk Målungdom og Noregs Mållag i ei pressemelding.
Reform i grunnskulen og vidaregåande opplæring.
Kom hausten 2006.
Reforma fører til ei rekke endringar i skulen sitt innhald, struktur og organisering frå første trinn i grunnskulen til siste trinn i vidaregåande opplæring.
FOTO: Ine Mæland Goa
FOTO: Norsk målungdom
Kommentarer