Det blei konklusjonen etter at han og advokat Anne Kroken har hatt eit møte med to formannskapsmedlemmer og Suldal kommune sin advokat i Stavanger torsdag ettermiddag.
AV: elin frã¸kedal
SULDAL: På grunn av hjarteinfarktet Drarvik hadde i vår, har han vore sjukemeld dei siste månadane. Ein legesjekk i slutten av oktober vil difor vera avgjerande for om han kjem tilbake.
- Han set helsa først, men gir legen klarsignal, vil han tilbake i jobb som ordførar, opplyser Kroken.
Andreas Drarvik er domfelt for å ha sjikanert ei saudakvinne, men hevdar han er uskuldig dømd.
Andreas Drarvik vil gjerne tilbake som ordførar dersom legen seier han er frisk nok. FOTO: Tor Inge Jøssang
Kommentarer