FOTO: Lars Idar Waage
Steingamle dinosaurar, den kule kroppen og det sprø vêret. Sandvik forlag har laga naturfagbøker for barn.
AV: solveig grødem sandelson tekst lars idar waage foto
- Den første boka Mats fekk, var den om steingamle dinosaurar, seier Roar Nærheim, far til Mats, 4 ½ år. - Sjølv er eg realist, eg underviser til dagleg ved Sola vidaregåande skole, og likar at så små får læra om naturfag, former, tal og matematikk. Mats har vore veldig glad i desse bøkene, og dei er fengande både for barn og vaksne - med fine fargar og fine illustrasjonar, seier Roar.
Det er Sandvik Forlag sin Fakta-serie Roar snakkar om. I desse dagar gir dei bort 100 seriar, eller 1600 bøker, til 100 barnehagar over heile landet.
Kven som skal få, kan alle vera med og bestemma - ein kan nominera barnehagar på nettet. Det er det Roar har gjort, dermed har Mats sin barnehage, Smeaheia på Sandnes, blitt ein del bøker rikare.
Reklame?
- Me får jo ein del henvendelsar, seier pedagogisk leiar i Smeaheia Barnehage, Kirsti Havig. - Men me driv sjølvsagt ikkje og reklamerer for produkt eller forlag i barnehagen. Men dette her er ei gåve, og me er kjempeglade over å ha fått den. Bøker er fengande, det er veldig sosialt. Du skapar ei setting saman med ungane, du kan snakka om bileta. Sjølv dei stillaste ungane blir engasjerte då. Men det krev bøker med fine illustrasjonar - mykje tekst og små bilete fungerer ikkje så godt for oss, som samlar så mange ungar rundt oss når vi les.
Mats på 4 ½, snart 5, vil helst spela, ikkje snakka. For det følgjer brettspel med dei første bøkene.
- Kva er det kjekkaste med spelet?
- Det er det, og det, og det, seier Mats, og peikar.
Det er alt, rett og slett. Ifølgje Mats.
solveig.sandelson@ aftenbladet.no
Kommentarer