Fekk gledessjokk på veg til postkassa

Då Anne Margrethe Langhelle gjekk til postkassen for å henta avisa si i dag, tykte ho det låg vår i lufta, og då ho kikka ned såg ho forsyne meg at det kikka opp ein bukett snøklokker på ein sørvendt stad. Ho tok bilete med mobilen av det vakre vårteiknet og sende til Aftenbladet med spørsmålet om dette er snøklokkerekord her i distriktet?

Det har lesarane til Aftenbladet heldigsvis gjort i alle år, og den første snøklokkemeldinga er alltid kjekk å bringa ut. Og alle som ein undrar tipsarane seg på om det er nettopp dei som har funne den første blomen.

- Uvanleg tidleg

Snøklokkene i hagen til Langhelle plar sjeldan gløtta fram før mot slutten av januar, dermed venta ho ikkje å sjå dei kvite blomehovuda alt nå.

- Kjenner du det kribla i fingrane no etter å gå i gong med hagestell?

- Både og. Samtundes som eg likar det milde vêret, vil eg også gjerne ha litt skikkelig vinter, seier Langhelle, som måtte avgi ein bråte med snøklokke-løk til vegvesenet i samband med utviding av Auglendsbakken. Men ho ber løktapet med fatning og kan fortelja at løkvekster andre stader i hagen også har byrja å pressa seg fram mot lyset.

- Det er ikkje uvanleg at dei prøver seg litt på denne tida, men blømande snøklokker har eg aldri sett så tidleg, seier Langhelle.

Nærkontakt med snøklokker

Etter den hyggelege blomesamtalen med Anne Margrethe Langhelle gjorde me eit raskt arkivsøk i snøklokke-nyhenda til Aftenbladet sidan 1987, og det kan sjå ut som om Langhelle har rett, i allefall i høve til dei snøklokkene som har blitt omtala i Aftenbladet på desse åra.

Felles for dei fleste meldingane er at finnaren er fylt av vårlukke og entusiasme, noko som også smittar over på journalistane.

Oversikt

Her er nokre snøklokker frå tidlegare tider:

6. januar 1990 lurte ei jente på om ho hadde funne årets første snøklokker på Tjelta i Sola.

6. januar 1991 blei dei første snøklokkene observerte "på rot i kald vinterjord på Madla".

9. januar 1992 blei snøklokker observert i sørveggen til Oljedirektoratet.

10. januar 2001 blei nokre få snøklokker sett i Dalveien på Randaberg.

11. januar 1989 tipsar ei dame Aftenbladet om blømande snøklokker i Lysebuveien.

18. januar 2008 blir det observert snøklokker i Tananger.

19. januar 1995 kjem årets første snøklokkemelding til avisa frå Bru i Rennesøy kommune.

Snøklokkene var tregare i 2009, då kom første tips inn 24. januar frå ein mann på Stokka.

26. januar 2008 meldte avisa at "ved Sandnes kirke, under et tre, har seks tynne snøklokker kjempet seg opp av jorda."

29. januar 1999 presenterte Aftenbladet ein observasjon frå ein mann som hadde hatt nærkontakt med snøklokker på Nedre Tjensvoll.

I 2010 og 2011 var vintrane lange og kalde også i Stavanger. I 2010 finn me ingen snøklokkemeldingar i arkivet, men dei kikka nok opp då også. I 2011 er første snøklokkeobservasjon i Aftenbladet datert så seint som 2. mars, då blei blomane oppdaga på Åsen.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Lokalt

Alle tunnelers mor bør bli en helgen

I dag sitter Klippenberg i den sørlige provinsen og lurer på om vi må skifte navn fra Rogaland fylke til Ry fylke for å få kroner til veier og tunneler.

30 grader forskjell på under én måned

Mai startet surt, men ligger an til en knallvarm sluttspurt. Fra Eik-Hove i Lund er det registrert temperatursprang på 30,2 grader.

Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt

Det er opprettet tilsynssak mot akuttmottaket ved SUS etter at de sendte hjem den 17 år gamle Lise. På sykehuset var de mest opptatt av å bli kvitt en brysom pasient. Samme ettermiddag forsøkte hun å ta livet sitt.

Egersund rocker i sommervarmen

Bluesfestivalen er en økonomisk suksess allerede før siste kvelden. Når Waterboys går av scenen natt til søndag kan arrangøren glede seg over penger i kassen og et 10 års jubileum som har overgått alle forventingene.

Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles

Flere vegrer seg for å dusje i fellesgarderober, samtidig viser ny svensk undersøkelse at mange unge eksponerer seg seksuelt på nett.

Relaterte bilder

Liten blome kan gje stor glede i avisspaltene. Snøklokkene er eit av dei første og viktigaste vårteikna. 4. januar såg Anne Margrethe Langhelle snøklokker i Auglendsbakken i Stavanger.

Liten blome kan gje stor glede i avisspaltene. Snøklokkene er eit av dei første og viktigaste vårteikna. 4. januar såg Anne Margrethe Langhelle snøklokker i Auglendsbakken i Stavanger. FOTO: Anne Margrethe Langhelle

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest