FOTO: Knut S. Vindfallet
Sidan 2009 har det blitt meir enn 40 nye stillingar som prest, men presterekrutteringa må intensiverast.
AV: charlotte steine
Det viser Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet sin årlege etatsstatistikk for presteskapet. No er 1335 prestar tilsett i bispedømma.
- Dei siste åra har me hatt større merksemd på utfordringane med å rekruttera nok prestar til stillingane i kyrkja. Eg er difor svært glad for denne utviklinga, seier kyrkjeminister Rigmor Aasrud i ei pressemelding.
Statistikken viser at fleire pensjonerte prestar gjer periodevis teneste i kyrkjelydane. Pensjonistprestar var tilsett i opp mot 160 stillingar på slutten av fjoråret. Desse kjem i tillegg til dei ordinære prestestillingane. Pensjonerte prestar sikrar at kyrkjene har tilstrekkeleg vikardekning.
Sjukefråværet blant prestane har dei to siste åra vore stabilt på 4,4 prosent. Det legemelde fråværet er på 4,2 prosent. Kvinner har høgare sjukefråvær enn menn med 6,2 mot 3,5 prosent.
FOTO: Johnny Syversen
Ifølgje pressemeldinga har rekrutteringstiltak som er sett i verk hatt ein viss effekt fordi det vart rekruttert 52 nye prestar frå utdanning eller andre yrke i fjor, 20 fleire enn året før. 43 prosent av prestane som gjekk inn i ny stilling kom frå ei annan prestestilling. Det var ein nedgang frå 61 prosent i 2010.
Ifølgje departementet brukar prestane meir tid på studium og vidareutdanning enn mange andre yrkesgrupper. I snitt var det sett av 6,4 studiedagar per prest i fjor, om lag det same som året før.
Den økonomiske situasjonen i bispedømmeråda er gjennomgåande blitt betre i løpet av dei to siste åra ifølgje departementet. I 2008 og 2009 måtte fleire bispedømme setja i gang innsparingstiltak for å tilpassa bemanninga til sine budsjettrammer. Departementet opplyser om at bispedømma i fjor hadde samla innsparingar på 6,8 millionar kroner i forhold til den tildelte bevillinga for fjoråret. Det er ein del variasjonar mellom bispedømma, og nokon av dei har behov for innsparingar i år òg.
Kommentarer