Grete Salomonsen Hynnekleiv fekk ikkje erstatning for overgrep

Misjonsorganisasjonane vedkjenner at dei har moralsk ansvar for seksuelle overgrep som skjedde ved den norske skulen i Japan. Men betala erstatning vil dei ikkje.

Misjonen vil ikkje gi Grete Salomonsen Hynnekleiv erstatning for overgrep. Tysdag fekk ho brevet som sjokkerte.

Brevet frå misjonsorganisasjonane har ho venta på heile sommaren.

LES OGSÅ:

- Vi er ikke juridisk ansvarlige

Brevet er sendt av eigarorganisasjonane Det Norske Misjonsselskap, Norsk Luthersk Misjonssamband og Frikyrkja, underskrive av generalsekretærane Kjetil Aano og Ola Tulluan og misjonsleiar Ingar Bø i Frikyrkja.

Organisasjonane beklagar at ho og andre vart utsette for overgrep. «Dette skulle ikkje ha skjedd». Dei beklagar at ordningane ikkje var gode nok. Men dei seier nei til erstatninga ho hadde søkt om. Dei viser til at dei ikkje har juridisk ansvar.

ARTIKKELEN FORTSETTER UNDER BILDET

Brevet med avslag:

Ingenting nytt

- Det har eg jo visst heile tida. Men eg trudde likevel dei hadde tatt det moralske ansvaret. Dei skriv at dei erkjenner med smerte at det har førekome overgrep på deira skule. Dette brevet viser at dei ikkje forstår kva dette eigentleg handlar om, seier ho.

- Overgrepa fylgjer meg heile tida. Dei er der når eg vaknar. Dei kjem stadig igjen. Med dette brevet kjem alt tilbake i mangedobbelt styrke. No lurer eg på om eg angrar at eg tok dette opp, om kostnaden er for stor.

LES OGSÅ:

Biskopens moralske autoritet (14.05.09)

59 prosent av misjonærbarna har svart (12.05.09)

- Organisasjonene har lært (14.04.09)

Misjonærbarn kan søke om erstatning (03.04.09)

- Jeg snakker bare for meg selv (02.04.09)

Erstatning tidligst etter sommeren (01.04.09)

Normisjon vil lære av feilene (31.03.09)

Snakker ut om overgrep (31.03.09)

Misjonærbarn krever oppreisning (31.03.09)

Kontakt

- Misjonen inviterer deg til å ta kontakt igjen?

- Eg har tatt kontakt med dei heile tida. No er det det siste eg ville gjera. Det er jo ikkje akkurat hos misjonen dei er sterkast på psykologi. Det viser avvisinga dei har sendt meg no. Eg har gått og venta på svar heile sommaren. Dersom dei visste dette før, kunne dei vel sendt brevet då.

- Heldigvis at eg ikkje hatar alt som heiter misjon. Eg trur framleis på Gud. Elles hadde eg ikkje overlevd. Men eg er veldig forvirra. Eg trudde ikkje dette gjekk an, seier ho.



Kritisk

Ektemann Odd Hynnekleiv er også sterk kritisk til behandlinga kona Grete har fått. Han seier at ho hadde vona at misjonen endeleg ville ta ansvar for det som skjedde.

- Men svaret er berre frykteleg forvirrande, seier han.

- Brevet seier ingen ting nytt. Korleis kan ein ta moralsk ansvar utan at det gjer seg praktiske utslag?

Hynnekleiv tykkjer det er snodig at ein internasjonal organisasjon som er ekspert på forsoningsarbeid, held kurs rundt i verda, men ikkje greier å gjennomføra det i praksis her heime.

- Her hadde dei sjanse til å få til forsoningsarbeid med lita gruppe. Så klarer dei å undra seg all meiningsfull forplikting og reelle oppgjer som kjennest meiningsfull for partane.

Blodpengar

- Dei har selt skulen i Japan og tent millionvis. Eg veit at pengane av somme vert kalla blodpengar. Grete har lenge oppfordra dei til å bruka nokre av desse pengane på dei som opplevde overgrep og på den måten få avslutta saka. Erstatning trong altså ikkje gå av innsamla misjonspengar, men kunne gå av pengar misjonen har tent på skulen.

Odd Hynnekleiv viser til at misjonen har vist vilje til å betala erstatning før. –.Dei har betalt enkeltpersonar, og dei har kome med tilbod om 25.000 kroner til fleire for å bli ferdige med saka. Sjølv om 25.000 var latterleg og vart oppfatta som eit slag i ansiktet, har dei vore inne på tanken om å betala for å bli ferdig med saka. Den går dei vekk frå no.

- Kor mykje hadde Grete Hynnekleiv venta?

- Ho har sagt at ho ønskjer ei meiningsfull erstatning, og samanlikna seg med barneheimsbarna. Så det gir jo ein peikepinn.

- Kva skjer no?

- Eg veit ikkje. Men dette er ikkje ei avslutning. I California var det ei lovendring som måtte til for at den katolske kyrkja måtte ta ansvar for overgrep.

Odd Hynnekleiv lurer på om Aano har landsstyret med seg på avgjerda som er tatt, om landsstyret tykkjer dette er god forvaltning av organisasjonen sine pengar.

Skuffande

Han seier det mest skuffande er å ikkje få eit oppriktig svar. At organisasjonane gøymer seg bak jusen.

- Det normale er at den som organiserer seg feil, må ta ei økonomisk forplikting. Byggjer du eit bygg som ikkje tåler snø, får du ansvar. Eg trur ikkje misjonsfolket har problem med å forstå dette. Men leiinga har gjort eit vedtak som rett og slett ikkje er logisk.

- Misjonen bruker sine retoriske og politiske evner til å finna ord å dekka seg bak så dei kan sleppa unna å gjera noko. I staden skulle dei funne ord og praksis som ville bety noko for dei dei står ansvarlege for. Dette er reinspikka business. Og det er tøffare enn det mange bedrifter ville ha gjort. Det er skuffande at ikkje misjonsorganisasjonar ønskjer å visa seg fram i eit betre lys, seier Odd Hynnekleiv.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Siste fra Lokalt

Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt

Det er opprettet tilsynssak mot akuttmottaket ved SUS etter at de sendte hjem den 17 år gamle Lise. På sykehuset var de mest opptatt av å bli kvitt en brysom pasient. Samme ettermiddag forsøkte hun å ta livet sitt.

Egersund rocker i sommervarmen

Bluesfestivalen er en økonomisk suksess allerede før siste kvelden. Når Waterboys går av scenen natt til søndag kan arrangøren glede seg over penger i kassen og et 10 års jubileum som har overgått alle forventingene.

Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles

Flere vegrer seg for å dusje i fellesgarderober, samtidig viser ny svensk undersøkelse at mange unge eksponerer seg seksuelt på nett.

Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly

Turfølget var på arbeidsreise i regi av Stavanger kommune, og vakte reaksjoner blant andre passasjerer, som sier gruppen viste mangel på folkeskikk.

Flaggermus kan bli sprengt av vindturbiner

Norsk Zoologisk Forening har for første gang fått gjennomslag for undersøkelser av flaggermus der vindkraftverk er planlagt.

DOKUMENTAR: I ein dokumentar på NRK i april i år bad Grete Salomonsen Hynnekleiv om oppreising for overgrep ho vart utsett for på internatskule i Japan.

KOMPENSASJON: Hynnekleiv etterlyste reel beklagelse og meiningsfull kompensasjon.

BREV: Misjonen fekk søknaden om kompensasjon i mars.

Relaterte bilder

Grete Salomonsen Hynnekleiv meiner misjonsorganisasjonane ikkje forstår kva saka eigentleg handlar om når dei seier nei til økonomisk erstatning og oppreising etter seksuelle overgrep. FOTO: Torstein Øen, Fædrelandsvennen

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest