• Østhusvik er nominert som Noregs mest attraktive stad for å vera eit roleg og flott område med initiativrike folk.

Har Rogaland Noregs mest attraktive stad?

Bygder, byar og kommunar kjempar om å verta Norges mest attraktive stad i 2012. To stader frå Rogaland er nominert så langt.

Staden som vert kåra til den mest attraktive får 250.000 kroner som skal brukast på eit lokalt formål. Dette er fyrste gong "Statens pris for attraktiv stad" skal delast ut. Så langt er over 300 nominasjonar send til Distriktssenteret i konkurransen som er utlyst av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Stadane varierer frå bykjernen i Oslo til ytst langs Finnmarkskysten.

Dei nominerte stadane er plotta inn på eit Noregskart på sida "Norges beste plass" på Facebook. Kartet viser to nominerte stader frå Rogaland. Østhusvik på Rennesøy er nominert med teksten rolig og flott område med masse flotte og initiativrike folk som står på når det trengs. Hundvåg sin nominasjonstekst seier vakker natur, utruleg samhald og masse glade folk. Fleire stader er nominert med tekstar som det gnistrar i grendene, fantastisk stad, rett og slett Noregs beste plass.

Har du ikkje nominert din favorittstad endå? Nominasjonar kan sendast inn til og med søndag.

- Me er overvelda over den positive responsen til "Statens pris for attraktiv stad", og dei kreative forslaga frå heile landet. Heile Noreg har engasjert seg og gjeve sterke, detaljerte skildringar om kvifor akkurat deira stad skal vinna i år, seier Torhild Lamo hos Distriktssenteret i ei pressemelding.

Den årlege kåringa skal framheva og heidra kommunar eller andre aktørar som har vist vilje og evne til å skapa ein levande og attraktiv stad å bu, arbeida, driva næring og vitja. Alle kan føreslå kandidatar, og blant dei vert det kåra éin vinnar. Tildelinga av prisen skjer i juni.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Lokalt

Alle tunnelers mor bør bli en helgen

I dag sitter Klippenberg i den sørlige provinsen og lurer på om vi må skifte navn fra Rogaland fylke til Ry fylke for å få kroner til veier og tunneler.

30 grader forskjell på under én måned

Mai startet surt, men ligger an til en knallvarm sluttspurt. Fra Eik-Hove i Lund er det registrert temperatursprang på 30,2 grader.

Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt

Det er opprettet tilsynssak mot akuttmottaket ved SUS etter at de sendte hjem den 17 år gamle Lise. På sykehuset var de mest opptatt av å bli kvitt en brysom pasient. Samme ettermiddag forsøkte hun å ta livet sitt.

Egersund rocker i sommervarmen

Bluesfestivalen er en økonomisk suksess allerede før siste kvelden. Når Waterboys går av scenen natt til søndag kan arrangøren glede seg over penger i kassen og et 10 års jubileum som har overgått alle forventingene.

Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles

Flere vegrer seg for å dusje i fellesgarderober, samtidig viser ny svensk undersøkelse at mange unge eksponerer seg seksuelt på nett.

Relaterte bilder

Hundvåg er nominert med grunngjevinga vakker natur, utruleg samhald og masse gladefolk. Bilete frå Lundsvågen. Arkivfoto.

Hundvåg er nominert med grunngjevinga vakker natur, utruleg samhald og masse gladefolk. Bilete frå Lundsvågen. Arkivfoto. FOTO: Jan Tore Glenjen

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest