• Server kjærleiksfisken skrei til din utkåra på valentinsdagen 14. februar.

    FOTO: Studio Dreyer & Hensley/Norges sjømatråd

Kjærleiksfisk på kjærleiksdagen

Vil du diska opp med symbolsk mat på valentinsdagen? Då er skrei fisken for deg.

Skreien legg 1000 kilometer Barentshav bak seg for å treffa sin utkåra på same staden som fisken sjølv kom til live minst fem år før i havområda i Lofoten og Vesterålen. Til vanleg oppheld skreien seg i havområdet midt mellom Noreg og Nordpolen, han vitjar Nord-Noreg berre når han er på kjærleiksreise.

Kvar vinter etter fisken er minst fem år gammal vender han tilbake til staden han sjølv vart klekt. Der møtes millionar av skrei til paringsleik på djupna utanfor Nord-Noreg i desse dagar. Fisken gjev uttrykk for kjærleik på djupna, å vera trufast og å ha uthald. I tillegg har skreien omega 3 for hjarta og vitamin D for skjelettet slik at han er sunn i tillegg til kjærleg. Mange et rogn og lever som tilbehør til skrei.

Ifølgje Norges sjømatråd har vinterfisket etter skrei i Lofoten vore Noregs viktigaste sesongfiske i fleire hundre år. Sesongen går frå januar til ut april. Skreien er ei eiga torskestamme og skil seg i utsjånad frå torsk som lever langs kysten ved at han er lengre og kvassare i forma. Medan torsken lever langs kysten heile livet, vandrar skreien over store avstandar og har dei store arktiske farvatna som sitt oppvekstområde. Han kjem inn til norskekysten for å gyta.

Skreien har så stor verdi at fisket i Lofoten er eitt av verdas best organiserte og strengast regulerte fiskeri, ifølgje sjømatrådet. Den fyrste lovreguleringa av Lofotfisket kom i 1816.

Oppskrift på eit kjærleiksmåltid for to:

Dette treng du:
400 gram skreifilet
1/4 sitron
Salt og peppar
Olje

Gulrotpuré:
500 gram gulrot
1-2 ss smør
1 ts frisk ingefær
1 ss sitronsaft
Salt og peppar

Sjysaus:
3 ss usalta smør
1 ss soyasaus
1 fedd kvitløk
Balsamicoeddik
Sitronsaft

Tilbehør:
1 squash
Salt og peppar

Slik gjer du det:

Sett steikeomnen på 180 grader. Skjær skreifiletane i serveringsstykke, press sitronsaft over og krydra lett med salt og peppar. Ha litt olje i ei eldfast form, legg fiskestykka i forma med skinnsida opp. Steik i cirka 10 til 15 minutt, avhengig av kor tjukke fiskestykka er.

Gulrotpuré: Kok gulrøtene møre i salta vatn. Hell ut nesten alt kokevatnet, men la det vera att nokre matskeier. Mos gulrøtene i kjelen saman med smør og rive ingefær, varm opp og smak til med sitronsaft, salt og peppar.

Sjysaus: Smelt usalta smør i ein kjele til det nesten er nøttebrunt. Tilsett soyasaus, finhakka kvitløk, nokre dropar balsamicoeddik og sitronsaft.

Tilbehør: Del squash på langs i tjukke skiver. Stans ut små hjarter og damp dei i litt lettsalta vatn i cirka to til tre minutt. Server bakt skrei med gulrotmos, soyasjy og squashhjarter.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Lokalt

Alle tunnelers mor bør bli en helgen

I dag sitter Klippenberg i den sørlige provinsen og lurer på om vi må skifte navn fra Rogaland fylke til Ry fylke for å få kroner til veier og tunneler.

30 grader forskjell på under én måned

Mai startet surt, men ligger an til en knallvarm sluttspurt. Fra Eik-Hove i Lund er det registrert temperatursprang på 30,2 grader.

Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt

Det er opprettet tilsynssak mot akuttmottaket ved SUS etter at de sendte hjem den 17 år gamle Lise. På sykehuset var de mest opptatt av å bli kvitt en brysom pasient. Samme ettermiddag forsøkte hun å ta livet sitt.

Egersund rocker i sommervarmen

Bluesfestivalen er en økonomisk suksess allerede før siste kvelden. Når Waterboys går av scenen natt til søndag kan arrangøren glede seg over penger i kassen og et 10 års jubileum som har overgått alle forventingene.

Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles

Flere vegrer seg for å dusje i fellesgarderober, samtidig viser ny svensk undersøkelse at mange unge eksponerer seg seksuelt på nett.

Skrei

Ordet skrei kjem av det gamalnorske ordet skrida, som betyr å vandra eller skride framover.

Skrei er torsk av nordaustarktisk stamme, verdas største og best forvalta torskestamme.

Skreien kan bli opptil 150 cm lang og 40 kilo tung.

Eitt måltid skrei gjev rikeleg med protein, selen, marine omega 3-feittsyrer, vitamin B12 og D.

Skrei er ei delikatesse som ferskvare.

Råvara skrei er utgangspunktet for tradisjonelle produkt som klippfisk og tørrfisk.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest