• Slik avslutta Magnhild Meltveit Kleppa innlegget sitt på Solakonferansen: – Slaget om Norge mellom kong Olav den Heilage og Erling Skjalgsson stod i Boknafjorden. Erleing vart overlistea og fekk banehogg, mot kongen sin vilje. Då uttalte kongen dei kjende orda: Nå hogg du Noreg or handa mi! Tusen år seinar kan det motsette skje: Eit meir samla Noreg, med Rogfast!

    FOTO: Jonas Haarr Friestad

Solamøtet:

Kleppa gir ingen Rogfast-lovnader

Næringslivet hadde håpa på eit ja til at Rogfast kjem med i Nasjonal Transportplan. Det fekk dei ikkje av statsråd Magnhild Meltveit Kleppa(Sp) på Solamøtet i dag.

Rogaland må venta til transportplanen blir lagt fram i månadsskiftet februar/mars.



– Eg kan korkje seia ja eller nei til nokon prosjekt nå. Kva prosjekt som kjem med, er avhengig av den totale rammen for landet, den fylkesvise rammen og av fylka sine prioriteringar, seier Kleppa til Aftenbladet.



Meir pengar

Men statsråden og rogalendingen gav klare signal om at staten kjem med meir pengar til samferdsel i transportplanen:

– Regjeringa legg opp til ei større satsing på samferdsel enn det etatane vart bedne om å leggja fram. Det er ei klår målsetjing at ein ikkje bare skal vedlikehalda meir, men at det også skal vera rom for ein del større nye prosjekt. Eit stort løft, fleire titals milliardar, som statsministeren tidlegare har uttrykt, sa Kleppa.



Mykje å ta att

Kleppa åtvara likevel mot for høge forventningar: Etatane sitt framlegg til Nasjonal Transportplan som vart lagt fram for eit år sidan tok utgangspunkt i at den økonomiske ramma ikkje blei utvida. Sidan mange tiårs etterslep på vedlikehald er svært stort, prioriterte vegvesenet satsing på det, samt på trafikksikring, minna ho om.



Konsekvensen av dette blei eit forslått kutt i investeringar på bortimot 60 prosent.



– For å retta opp dette, pluss kompensasjon for pris- og lønsvekst, trengst det rundt 50 milliardar kroner. Så sjøl om regjeringa plussar på NTP med 50 milliardar, blir det ikkje investeringsvekst, påpeikar samferdselssjef Gunnar Eiterjord.



Meir enn Rogfast

Og som statsråden minna om: Rogfast er eitt av mange gode prosjekt som Rogaland ønskjer seg: På lista står også Eiganestunnelen, Ryfast, vidare utvikling av Jærbanen, bybane, bussatsing, E-134 over Haukeli, Dalanepakken med utbetring av mellom anna E-39 og så vidare. Bare den såkalla Jærenpakke 2 (som vil romma bybanen, Gandsfjord bru m.m.) vil koma på bortimot 20 milliardar kroner.



Bompenger uansett

– Behovet er uendeleg stort. Same kor store rammene blir, blir det tøffe prioriteringar og det blir naudsynt med lokal medfinansiering, understreka Kleppa.



Gode ord

Magnhild Meltveit Kleppa hadde rett nok gode ord å seia om Rogfast: –.Rogfast er eit spanande prosjekt. Det erstattar ei ferjestrekning som har hatt ein formidabel trafikkauke, mykje gods og særs mange passasjerar. Strekninga er ein sentral del av stamvegen langs kysten. Tunnel framfor ferje vil gje ein heilt annan fleksibilitet for dei reisande. Reisetida vert meir trygg, planlegginga enklare og kostnadane for næringslivet blir utvilsamt lågare, sa Kleppa som også klart ser kva viktig rolle Rogfast vil ha for å binda Rogaland og Vestlandet tettare saman.



Kritisk

Så gjekk ho over til å stilla nokre kritiske spørsmål:



– Vil prosjektet får ringverknader for dei indre områda i fylket og i dei indre områda i nabofylket? Skal det i framtida bu endå fleire folk langs kyststripa eller blir det ein ny vår også for dalstroka innanfor? Kva vil Rogfast tyda for den indre leia langs riksveg 13? Og for Ryfast? spurde Kleppa og let svara hengja i lufta.



Krisepakke

Kleppa minna om at samferdsel og kommuneøkonomi blir «sentrale element» i krisepakken som kjem den 26. januar. Kva konkret Rogaland har i vente, ville ho ikkje røpa ut over at det er snakk om mindre vedlikehaldsprosjekt.



Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Lokalt

Alle tunnelers mor bør bli en helgen

I dag sitter Klippenberg i den sørlige provinsen og lurer på om vi må skifte navn fra Rogaland fylke til Ry fylke for å få kroner til veier og tunneler.

30 grader forskjell på under én måned

Mai startet surt, men ligger an til en knallvarm sluttspurt. Fra Eik-Hove i Lund er det registrert temperatursprang på 30,2 grader.

Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt

Det er opprettet tilsynssak mot akuttmottaket ved SUS etter at de sendte hjem den 17 år gamle Lise. På sykehuset var de mest opptatt av å bli kvitt en brysom pasient. Samme ettermiddag forsøkte hun å ta livet sitt.

Egersund rocker i sommervarmen

Bluesfestivalen er en økonomisk suksess allerede før siste kvelden. Når Waterboys går av scenen natt til søndag kan arrangøren glede seg over penger i kassen og et 10 års jubileum som har overgått alle forventingene.

Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles

Flere vegrer seg for å dusje i fellesgarderober, samtidig viser ny svensk undersøkelse at mange unge eksponerer seg seksuelt på nett.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest