• FOTO: Monica Lindanger

Kotelett frå Jæren er årets råvare

Det var Prima Jæren som stakk av med prisen for årets råvare land under kåringa av Det Norske Måltid 2010.

Stavanger Forum var torsdag kveld spekka av 500 sultne gjester, klare for Årets Måltid, der menyen er sett saman av dei beste råvarene i landet. Kvart fylke hadde nominert råvarer frå sjø og land, i tillegg til eit produkt, til den gjeve prisutdelinga i forkant av middagen.

Og det var altså Prima Jæren frå Rogaland som fekk prisen for årets råvare land for sin Carré kotelett av svin. Dei stakk av med 50.000 kroner og ein marknadspakke frå DnB Nor.

Det var fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) som delte ut den gjeve prisen.

Tilstades var òg kokkeguru Ingrid Espelid Hovig, fylkesordførar Tom Tvedt og stavangerordførar Leif Johan Sevland.

Lovar nye produkt

Det var tredje år på rad Det Norske Måltid vart arrangert, og det er Næringsforeningen i Stavanger-regionen som er initiativtakar til konkurransen.

Dei tre representantane frå Prima Jæren AS var svært glade etter utdelinga, og dei lovar no nye saftige produkt frå Jæren.

- Dette freistar til vidareutvikling. Og me har mykje spanande på gang, seier prosjektansvarleg Anbjørn Øglend.

Dei tre fortel at det ligg mykje hardt arbeid bak produktet, som av juryen på 13 vart omtalt som eit svært saftig og godt produkt.

- Vanskeleg å utvikla premium mat i Noreg

- Det er brukt mykje tid og pengar på dette. Dette er det beste svineproduktet på Jæren, slår konserndirektør Ernst Eik fast.

- Det er nokså uvanleg at eit så kjent produkt vinn. Denne koteletta kan ein jo allereie få i mange forretningar, fortel marknadssjef Anders Hellegaard.

Øglend meiner det er vanskeleg å utvikla premium mat i Noreg fordi det er eit såpass lite land. Han peikar òg på at det dei siste åra har vore mykje fokus på pris når det gjeld matvarer.

- Men dette produktet er billig i forhold til kvaliteten. Me skal laga mat som skal vera verdt å kosta litt ekstra, seier Eik.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Lokalt

Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt

Det er opprettet tilsynssak mot akuttmottaket ved SUS etter at de sendte hjem den 17 år gamle Lise. På sykehuset var de mest opptatt av å bli kvitt en brysom pasient. Samme ettermiddag forsøkte hun å ta livet sitt.

Egersund rocker i sommervarmen

Bluesfestivalen er en økonomisk suksess allerede før siste kvelden. Når Waterboys går av scenen natt til søndag kan arrangøren glede seg over penger i kassen og et 10 års jubileum som har overgått alle forventingene.

Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles

Flere vegrer seg for å dusje i fellesgarderober, samtidig viser ny svensk undersøkelse at mange unge eksponerer seg seksuelt på nett.

Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly

Turfølget var på arbeidsreise i regi av Stavanger kommune, og vakte reaksjoner blant andre passasjerer, som sier gruppen viste mangel på folkeskikk.

Flaggermus kan bli sprengt av vindturbiner

Norsk Zoologisk Forening har for første gang fått gjennomslag for undersøkelser av flaggermus der vindkraftverk er planlagt.

Årets råvare land:

Carré kotelett av svin frå Prima Jæren, Rogaland.

Årets råvare sjø:

Djupvasstorsk frå Fjordfisk AS, Hvaler, Østfold.

Årets produkt:

Akevittis frå Bakken Øvre Gårdsmat, Løten, Hedmark.

Heiderleg omtale land:

Sylta graskar frå Austlid Frilandsgartneri, Rykene, Aust-Agder.

Vellagra spekeskinke av «Norsk gammeltypisk gris» frå Bekkereinan AS, Kvinesdal, Vest-Agder.

Heiderleg omtale sjø:

Kongekrabbe frå Norwat Kingcrab, Bugøynes, Finnmark.

Kråkebollerogn frå Roderick Sloan, Steigen, Nordland.

Heiderleg omtale produkt:

Gylden, vellagra kvit ost frå Iveland Gårdsysteri, Aust-Agder.

Ferskrørte økologiske bær frå Hynne Bær, Inderøy, Nord-Trøndelag.

Årets godbit:

Hommelost frå Inderøy økologiske gardsmeieri, Nord-Trøndelag.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest