Statsadvokat Bjørn Enoksen Ristesund møtte i går i lagmannsretten for å kreva forvaring av sauda-mannen Einar Jensen (44) som drap den 81 år gamle mora si for eit år sidan.
AV: arvid berentsen
Ryfykte tingrett dømde torsdag 28. oktober i fjor Jensen til 12 års fengsel. Påtalemakta bad retten døma han til forvaring i inntil 15 år.
Ristesund varsla kort tid etter dommen at straffutmålinga ville bli anka. 44-åringen har komme med motanke med sikte på å gjera fengselsopphaldet kortare.
Saka starta i Gulating lagmannsrett i Stavanger i går.
Drapet skjedde i Sauda natt til søndag 1. februar i fjor. Tingretten la til grunn at Einar Jensen måtte dømmast som ein edru person fordi han var medvitslaus som følgje av rusmiddel han sjølv hadde inntatt. Den domfelte hadde drukke rundt 25 halvliterar med øl i tillegg til drinkar og piller. Retten meiner han handla forsettleg.
Den 81 år gamle kvinna blei fleire gonger slått med stor kraft - både i hovudet og på overkroppen. Ho blei påført store skader i både hovudet og brystkassa. Den eine lunga klappa saman. Sonen slo henne, ifølgje dommen, mellom anna med ein tung vedboks av kobbar. Mora døydde av skadane.
Statsadvokaten sa i tingretten at samfunnsvern tilsa at mannen måtte få ni til 15 års forvaring. Ryfylke tingrett fann imidlertid at den domfeltes sosiale og personlege funksjonsevne truleg vil bli betre etter gjennomført soning i fengsel. Dessutan meinte tingretten at det ikkje vil vera nærliggande fare for at han vil gjera seg skuldig i fleire alvorlege valdsbrotsverk, sjølv om det heller ikkje kan utelukkast. Uvisse gjorde at retten ikkje gav forvaringsdom.
Einar Jensen har ikkje erkjent straffskuld for drapet. Men det er gjennom tekniske spor og hans eiga forklaring stadfesta at han var på staden da drapet skjedde.
Advokat Halvard Helle fører saken for Einar Jensen.
arvid.berentsen@ aftenbladet.no
DRAP: Dagny Jensen (81) frå Sauda blei drepen i heimen sin natt til søndag 1. februar i fjor. Sonen hennar, Einar Jensen (44), blei torsdag 28. oktober 2004 dømd til 12 års fengsel for drapet. Både påtalemakta og den domfelte anka straffutmålinga.
FORVARING: En strafferettslig særreaksjon for tilregnelige lovbrytere hvor faren for gjentakelse av alvorlige straffbare handlinger er stor. Reaksjonen ble innført fra 1. januar 2002 og avløser sikring.
Kommentarer