Sjøl om ein har båtførarbevis er det lite rabatt å hente på båtforsikringa.
AV: heidi elin nupen
- Me ventar utolmodig på at båtførarprøva kan bli obligatorisk. Særskilt for dei uerfarne med nye båtar, ser me det som ein fordel at dei har dei nødvendige kunnskapane, seier Emma Elisabeth Vennesland, informasjonssjef i If skadeforsikring.
Ho innrømmer at rabattane er låge, men fortel at selskapet er i ein kontinuerleg diskusjon om storleiken på slike rabattar.
Det er nemleg ikkje så mykje å henta i rabattar på båtforsikringa, sjølv om ein kan legga båtførarbeviset på bordet.
Vesta: 5 prosent til alle med båtførarbevis. I tillegg vert det gitt rabattar for medlemsskap i kystpatruljen og VHF-sertifikat.
Gjensidige: 5 prosent premiefrådrag for båteigarar med båtførarbevis, 10 prosent for fritidsbåtskippersertifikat.
If skadeforsikring: Etterspør nautisk kompetanse. Lang erfaring og/eller båtførarbevis gir rabatt. Rabatten vert individuelt utrekna.
heidi.elin.nupen@aftenbladet.no
Kommentarer