Barne- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV) vil at asylborn som har vore lenge i Noreg skal få bli. No håpar han at Arbeiderpartiet vil snu i saka.
AV: charlotte steine
– Eg ynskjer nye reglar så fort som mogeleg. I dette spørsmålet er me i SV heilt samla, og eg håpar at Ap og vil sjå at desse borna fortener ei betre behandling, seier Lysbakken til NRK.
I vår skal regjeringa koma med nye forslag til reglar. Arbeiderpartiet har så langt sagt nei til å endra reglane slik at fleire born får bli. Utlendingsdirektoratet sa til NRK søndag at dei meiner den noverande politikken som regjeringa har er for streng, og direktoratet har føreslått ei oppmjuking av reglane. Arbeiderpartiet har førebels ikkje gått inn for det same.
– Det er gode argument for og imot, og me har dette til vurdering. Dette reiser komplekse problemstillingar. Eg ser gode argument for ei lempeleg behandling og for at den lina me har valt er den rette, seier statssekretær Pål Lønseth (AP) i Justisdepartementet til NRK.
Saka gjeld born som har foreldre som ikkje har fått asyl og som nektar å reisa. Borna slår seg til ro, går på skule og lærer seg norsk.
– Fleire born må få bli i Noreg. Born skal ikkje straffast for det foreldra eventuelt har gjort feil. Me veit at borna sin barndom er kort. Det å vera mange år på vent kan vera skadeleg for borna. Dei treng tryggleik og stabilitet, seier Lysbakken til NRK.
I regjeringa føregår altså ein dragkamp. I Arbeiderpartiet sine eigne rekker er det fleire som ynskjer ein meir liberal praksis. AUF krev at borna si tilknyting til Noreg skal vega tyngre enn innvandringspolitiske omsyn, men får same svar som SV av statssekretær Lønseth.
– Det er omsyn for og i mot, og dei omsyna skal vegast, seier Lønseth til NRK.
Kommentarer