FOTO: Torstein Lillevik
I fjor blei det fanga vel 42 tonn fisk i rogalandske lakseelvar. I år når ein kanskje 40 tonn, seier Trond Erik Børresen, fiskeforvaltar hjå Fylkesmannen i Rogaland.
AV: heidi hjorteland wigestrand
Han har ikkje fått komplette fangsttal for den enkelte elv. Dei endelege tala er klare i byrjinga av november.
– Vårt inntrykk er at fisket har vore ganske dårleg i Figgjo og Hå. Elvane i Bjerkreim og Ogna, derimot, har hatt nokså bra fiske. I Ryfylke har me også fått signal om godt fiske, sjølv om Årdalselva og Vikedalselva ikkje har hatt så gode sesongar, fortel Børresen.
I fjor toppa Bjerkreimselva med 11 tonn fisk. Figgjo blei nummer to med 5,6 tonn.
I Suldalslågen reknar Suldal elveigarlag med at årets fangst blir rundt 2,8 tonn. Det er omtrent likt som fjoråret.
– Storlaksen har uteblitt i år, men det er fanga fleire mindre laksar. Oppgongen i elva har også auka monaleg, så det står absolutt til liv i Lågen, seier ein godt nøgd Øyvind Vårvik i Suldal Elveigarlag.
Kommentarer