Statens Vegvesen rår alle til å sjekka vegmeldingane før dei legg ut på køyretur, og køyra etter forholda. Les om veret, snøskredfara og korleis du skal te deg i påsketrafikken her.
AV: vidar eidhammer
Mange er på veg til fjells i dag. Her kjem ei lita oppdatering på korleis veret ser ut dei første dagane av påska.
I morgon blir det skodde i kyststroka. Lenger inn i landet og oppe på fjellet blir det mindre skodde, men det vil vera skya. Ei gladmelding er at det ikkje skal regna eller snø i morgon.
- Søndag blir det grått og regn på heile Vestlandet, fortel meteorolog Hilde Holdhus ved Storm Weather Center.
- Me må nok opp over 800 meter før nedbøren kjem som snø. Utover i neste veke er prognosane svært usikre. Det kan dryppa litt på måndag, men det blir vekslande ver. Det einaste me veit om resten av veka er at det blir mildt, fortel Holdhus.
Snøskredfare
Nettsida snoskred.no har utarbeidd ei oversikt over snøskredfara i heile landet for påskeveka. For Rogaland ligg snøskredfara på to på ein skala frå ein til fem, der fem tyder svært stor skredfare.
Ein toar på skalaen tyder at snølaget har moderat stabilitet i bratte heng. Det er lita fare for naturlege skred, men dei kan bli utløyst av skuterar eller skiløparar i bratt terreng.
Generelt auker skredfara ved sterkt snøfall (meir enn ca. 20 cm pr. døgn) saman med vind eller når lufttemperaturen stig brått. Skredfara auker også når det er kraftig sol eller når det regnar på snødekket.
Trafikken
Statens Vegvesen rår alle til å sjekka vegmeldingane før dei legg ut på køyretur. Påsken er høgsesong for trafikkulykker. Dei siste fem åra har det vore over 160 trafikkulykker med personskader kvart år, fem drepne og 21 hardt skadde.
- Det er lite å vinna på forbikøyringar dersom det er kø. Tala viser at køyrefarten i påsken ligg like under fartsgrensa, til og med på dei største utfartsdagane. Sjansane for ei ulykke blir mykje større med ein aggresiv køyrestil, seier Finn Harald Amundsen i Statens Vegvesen.
Vegvesenet har desse påskeønska til trafikantane:
- Sjekk ver- og føremeldingar
- Sørg for at bilen er i god teknisk stand
- Køyr etter forholda
- Bruk bilbelte
- Pakk bilen rett
- Stopp og sov eit kvarter dersom du er trøtt.
Kommentarer