Preikestolen Lonely Planet-favoritt

Reisehandbokforlaget Lonely Planet har kåra Preikestolen til verdast beste utkikkspunkt, i ei bok kalla «1000 ulitmate sights». Klumpen vår knuser både Grand Canyon og Victoriafossane.

Den naturskapte kolossen (eller klumpen som han også bli kalla i boka) dankar ut menneskeskapte skywalkar både her og der. Reisehandboka presenterer ti på topp lister over mellom anna beste egotripp-turar, beste operahus, mest bisarre monument og beste optiske illusjonar og luftspeglingar. Preikestolen står oppført som nummer 1 under kapittelet «Most breathtaking viewing platforms» – utkikkspunkt som tek pusten frå deg.

Lonely Planet skriv: «Av og til er det best å overlata det til naturen. Sjølv om glassgolv og skyskraparar kan vera imponerande, er det i Norge ein mektig klump av stein som gir den beste utsikta. Preikestolen ruvar 604 meter over Lysefjorden.....fjellet ser ut til å vera bygd som eit utkikkspunkt, med sin nesten perfekte, flate topp som stikk fram over vatnet - og det er ingen gjerde her. Dette gir rom for uforstyrra, om enn litt svimmel, utsikt. Skumlare er likevel å kikka ned på sprekkene til Preikestolens overflate- skapt av tusenvis av år med isbreaktivitet, og håpa at nye sprekker ikkje oppstår akkurat nå.»

Som de ser hamnar fjellplatået i nobelt selskap.

Forsand-ordførar Ole Tom Guse er glad, men trur dei millionar av bilete, filmsnuttar og kommentarar om «The pulpit rock» på nettet gir endå betre reklame enn å bli nemnd i ei Lonely Planet-bok. Rundt 140.000 menneske besøker Preikestolen årleg.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Lokalt

Alle tunnelers mor bør bli en helgen

I dag sitter Klippenberg i den sørlige provinsen og lurer på om vi må skifte navn fra Rogaland fylke til Ry fylke for å få kroner til veier og tunneler.

30 grader forskjell på under én måned

Mai startet surt, men ligger an til en knallvarm sluttspurt. Fra Eik-Hove i Lund er det registrert temperatursprang på 30,2 grader.

Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt

Det er opprettet tilsynssak mot akuttmottaket ved SUS etter at de sendte hjem den 17 år gamle Lise. På sykehuset var de mest opptatt av å bli kvitt en brysom pasient. Samme ettermiddag forsøkte hun å ta livet sitt.

Egersund rocker i sommervarmen

Bluesfestivalen er en økonomisk suksess allerede før siste kvelden. Når Waterboys går av scenen natt til søndag kan arrangøren glede seg over penger i kassen og et 10 års jubileum som har overgått alle forventingene.

Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles

Flere vegrer seg for å dusje i fellesgarderober, samtidig viser ny svensk undersøkelse at mange unge eksponerer seg seksuelt på nett.

Relaterte bilder

<b>Nr. 1 Preikestolen</b> <b>i Forsand og Ryfylke</b> gjer det nok ein gong skarpt i ei kåring med tyngde. Forsand-ordførar Ole Tom Guse er glad, men trur dei millionar av bilete, filmsnuttar og kommentarar om

Nr. 1 Preikestolen i Forsand og Ryfylke gjer det nok ein gong skarpt i ei kåring med tyngde. FOTO: Pål Christensen

<b>Nr. 2 Knife Edge Point, Victoria Falls</b><b>, Zambia.</b> 300.000 menneske besøker årleg den gigantiske fossen som er den største turistattraksjonen i landet.

Nr. 2 Knife Edge Point, Victoria Falls, Zambia. 300.000 menneske besøker årleg den gigantiske fossen som er den største turistattraksjonen i landet. FOTO: Ukjent

<b>Nr. 3 Sky Tower, Auckland</b>,<b> New Zealand.</b> I eit land fullt av naturskapte under er det faktisk ein menneskeskapt attraksjon som gir den beste og ikkje minst den mest skræmande utsikta, ifølgje Lonely Planet. Det 328 meter høge tårnet blir årleg besøkt av rundt 600.000 menneske.

Nr. 3 Sky Tower, Auckland, New Zealand. Det 328 meter høge tårnet blir årleg besøkt av rundt 600.000 menneske. FOTO: Alastair Grant

<b>Nr. 4 Illawarra Fly Treetop Walk</b><b>, Australia.</b> Ikkje akkurat nokon vanleg skogstur. På ei 500 meter lang plattform 25 meter over skogen kan ein få tatt ein grundig kikk på australsk flora og fauna i Southern Highlands. Rundt 200.000 menneske let seg årleg freista til å spasera over tretoppane.

Nr. 4 Illawarra Fly Treetop Walk, Australia. Ikkje akkurat nokon vanleg skogstur. Rundt 200.000 menneske let seg årleg freista til å spasera over tretoppane. FOTO: Ukjent

<b>Nr. 5 Waterfall Trail, Iguacu Falls, Brasil. </b> Dette er ein gangveg som fører fossefans midt inn i den mektige rumlinga til Iguacu. Fossane dekkjer eit 3 kilometer langt område i Brasil og Argentina og består av 275 ulike fossefall.

Nr. 5 Waterfall Trail, Iguacu Falls, Brasil. Dette er ein gangveg som fører fossefans midt inn i den mektige rumlinga til Iguacu. Fossane dekkjer eit 3 kilometer langt område i Brasil og Argentina og består av 275 ulike fossefall. FOTO: Miro Kuzmanovic

<b>Nr. 6 Il Binocolo, Merano, Italia. </b>Plattforma er på skapnad med eit par opera- briller. Herfrå kan ein nyta utsikta over vinmarker, frukthagar, hustak og fjellsider i Sør Tyrol.

Nr. 6 Il Binocolo, Merano, Italia. Plattforma er på skapnad med eit par opera- briller. Herfrå kan ein nyta utsikta over vinmarker, frukthagar, hustak og fjellsider i Sør Tyrol. FOTO: Matteo Thun

<b>Nr.7 Grand Canyon Skywalk, Arizona, USA. </b>Omstridd attraksjon som puristar hatar, men like mange elskar. Den hesteskoforma gangvegen har gjennomsiktig golv. Dermed ser det ikkje ut til å vera anna enn luft som skil deg frå dei raude fjellkløftene hundrevis av meter under deg. Rundt 1 million gjester per år.

Nr.7 Grand Canyon Skywalk, Arizona, USA. Omstridd attraksjon som puristar hatar, men like mange elskar. Rundt 1 million gjester per år. FOTO: Ross D. Franklin

<b>Nr. 8 Dachstein Skywalk, Austerrike.</b> Gangvegen stikk fram frå eit 2700 meter høgt fjell, og ein kan nyta panoramautsikt til fleire land. Turen opp er endå meir spektakulær, ifølge Lonely Planet. Kabelbanen klatrar nesten 1000 meter, og går så tett på fjellet at turistane kan sjå kvar sprekk og rift. 228.000 menneske har besøkt attraksjonen så langt i år.

Nr. 8 Dachstein Skywalk, Austerrike. Gangvegen stikk fram frå eit 2700 meter høgt fjell, og ein kan nyta panoramautsikt til fleire land. FOTO: Erich Hagspiel

<b>Nr. 9 Aiguille du Midi, Chamonix, Frankrike.</b> Utkikksplattform som gir deg kjensla av å kunna ta på det snødekte monsteret Mont Blanc. Kabelbaneturen opp til plattforma blir også varmt anbefalt av Lonely Planet for dei med hovud for høgder.

Nr. 9 Aiguille du Midi, Chamonix, Frankrike. Utkikksplattform som gir deg kjensla av å kunna ta på det snødekte monsteret Mont Blanc. FOTO: Patrick Gardin

<b>Nr. 10 Petronas Towers, Skybridge, Kuala Lumpur, Malaysia.</b> Denne brua er betre å sjå frå utsida enn utsikta ho gir innanfrå, er dommen frå Lonely. Planet. Brua bind tvillingtårna saman i 41. og 42. etasje. Brua ligg 170 meter over bakken, men skyskraparane er 452 meter høge. Køane for å komma inn er vanlegvis lange.

Nr. 10 Petronas Towers, Skybridge, Kuala Lumpur, Malaysia. Denne brua er betre å sjå frå utsida enn utsikta ho gir innanfrå, er dommen frå Lonely Planet. FOTO: Bazuki Muhammad

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest