Saknar pengeløfter frå regjeringa

Det er vanskeleg å følgja regjeringa sine målsettingar så lenge finansieringa ikkje held mål, meiner rektor på UiS . Ho er skuffa over forskningsmeldinga.

Auka satsing på globale utfordringar, helsetenester, velferd, kunnskapsbasert næringsliv og næringsrelevant forskning er hovudinnhaldet i forskningsmeldinga «Klima for forskning» som minister for forskning og høgare utdanning, Tora Aasland, la fram iettermiddag. Rektor ved Universitetet i Stavanger, Aslaug Mikkelsen er skuffa over at meldinga ikkje inneheld noko som helst av konkrete løfter for vekst i universitetssektoren.

Ho meiner det vil vera vanskeleg for UiS å innfri det ho kallar ambisiøse målsettingar utan å få tilført meir pengar. I følgje Mikkelsen blir UiS og andre nyare universitet i realiteten nedprioritert til fordel for eldre og veletablert universitet som Oslo og Bergen.

- Regjeringa har sagt at det ikkje berre skal handla om ressurstilgang, men om resultat. Det er ok, men me vil stilla likt på startstreken. Så langt er det ingenting som tyder på at det skal gjerast noko spesielt for dei nye universiteta, seier ho.

Saknar signal

Frå 2005 til 2007 var den samla realveksten for utgifter til universitetssektoren i Norge på 7.3 prosent.

- Me er nysgjerrige på kor mykje vekst me kan rekna med framover i sektoren generelt og spesielt for dei nye universiteta. Me hadde ynskja at det skulle komma eit politisk signal om ei endring i finansieringa som gjer situasjonen betre for UiS.

Mikkelsen meiner meldinga iseg sjølv passar UiS bra.

- Den treffer rimeleg greit i høve til olje- og gassforskning og ny satsing på fornybar energi. Kunnskapsbasert næringsliv er også viktig og treffer bra. Men den burde vore tydelegare på kultur og humaniora, seier ho.

- Dårlegast ut

Også president i Teknisk-naturvitenskapelig forening (Tekna), Marianne Harg, er skuffa over at forskningmeldinga ikkje inneheld ein plan for endring av finansieringsystemet.

- Forut for meldinga forventa me at regjeringa skulle komma med ein forpliktande opptrappings plan for norsk forskning gjennom å binda opp framtidige budsjett. Dette er ein veldig stor skuffelse, seier ho.

Harg påpeiker likeeins med Aslaug Mikkelsen at finansieringssystemet i dag berre tilgodeser dei store og etablerte universiteta, og at UiS er blant dei som kjem aller dårlegast ut.

- Me synes det er ille at det på denne måten blir to kategoriar universitet, dei gamle universiteta som har ei skikkeleg forskningsfinansiering, og nye universitet som mottar finansiering som liknar meir på situasjonen for høgskular enn til universitet, seier ho.

Petroleumssvikt

Harg meiner petroleumsforskning har fått ein altfor liten plass i meldinga.

- Me er urolige for at dette vil redusera forskningsaktiviteten i dei store oljeselskapa.. Det er et fråvær av strategi fra regjeringa si side for å sikra at naudsynt kompetanse blir gjort meir tilgjengeleg gjennom offentleg finansierte forskningsprosjekt, seier Harg.

Ho meiner statsråden ikkje har fått gjennomslag for politikken sin i regjeringa.

- Eg kjenner ikkje igjen SV sin politikk i dette. Eg hadde forventa at Tora Aasland skulle komma med ei melding som gir norsk forskning forutsigbare vilkår. Men denne forpliktar ingenting, det er berre nokre vage formuleringa, seier ho.

– Har fått

Statsråd Tora Aasland viser til at finansieringssystemet ikkje er eit tema i forsknigsmeldinga, og at det skal vera ein gjennomgang av ordningane i samband med statsbudsjettet. Ho meiner UiS har all grunn til å vera nøgde etter at dei tidlegare i år kom godt ut av det i samband med regjeringa si tiltakspakke.

- Eg håper ikkje dei har gløymt det. UiS fekk fleire nye stillingar, og meir enn andre, seier Aasland.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Lokalt

Døv i trafikken

Går du i trafikkerte områder med hodetelefoner? Da er sannsynligheten for å bli truffet av en bil tre ganger høyere.

- Hensynet til jenta viktigst fra første stund

Per A. Thorbjørnsen snakket ikke med Helge Solum Larsen før han ga sine råd til den unge jenta som har anmeldt Larsen for voldtekt. Her forteller Thorbjørnsen og Iselin Nybø hvordan de siste døgnene har vært.

Thorbjørnsen må svare på spørsmål om Solum Larsens fortid

- Vi har aldri hørt eller sett at Helge Solum Larsen har begått overgrep eller oppført seg seksuelt krenkende overfor unge jenter tidligere, sier sentrale venstrefolk.

Søvnløse og triste

Politikerkolleger i Stavanger opplever voldtektssiktelsen mot Helge Solum Larsen som trist og tragisk for alle involverte.

Aarebrot: - Venstre har gjort alt riktig

Samfunnsforsker Frank Aarebrot mener at Venstre har gjort alt rett i håndteringen av saken mot Helge Solum Larsen.

KVA: Stortingsmelding som peiker ut kursen for norsk forskningspolitikk framover.

HOVUDTREKK: Bevilgningane til forskning skal auke, o gforskninga skal styrast etter ni forskningspolitiske mål. Klimaendringane skal vere den viktigaste utfordringa i forskning. Globale utfordringar, betre helsetenester og velferd, kunnskapsbasert næringsliv og næringsrelevant forskning er satsingsområde.

FINANSIERING: Regjeringa sitt Soria Moria løfte var å bruke minst tre prosent av BNP på forskning innan 2010. Dette er endra til innan 2013.

Relaterte bilder

Så langt er det ingenting som tyder på at det skal gjerast noko spesielt for dei nye universiteta, seier Aslaug Mikkelsen.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest