Med stor festivitas blei brua mellom Nord-Talgje og Tjul opna i dag av fylkesordførar Tom Tvedt.
AV: rune nedrebø
«The banana boat song» spela av musikkorpsa frå Sjernarøy og Ombo gjalla over solglitrande sjø då fylkesordføraren tok saga til hjelp for å opna brua. I staden for den tradisjonelle snorklippinga, hadde lokale krefter laga til ei symbolsk åre som Tvedt saga i to for å markera opning av den 260 meter lange brua.
Han fekk hjelp av Cathrine Landsnes og Ida Tengesdal til å halda åra, som skulle symbolisera at nå er båten avløyst av bru mellom øyane.
Mange møtte fram
Brua, som har kosta 150 millionar, inneber at seks av dei sju øyane i Sjernarøyane med til saman 400 innbyggjarar nå er bundne saman. Anslagsvis 500 fastbuande og tilreisande vile vera med på opningsseremonien og feira dagen med å eta kake etterpå. Mange hadde også heist flagget for å markera at det er ein stor dag for øyane.
FOTO: Fredrik Refvem
Ein draum
–Mange har sagt at det var utenkeleg at det skulle koma ei bru her men det viser kor viktig det er å ha ein draum og leggja ein plan sa fylkesordførar Tom Tvedt mellom anna.
Etter opninga var det natursti og helikoptertur for skuleborna Den blei avslutta med at skuleelevane frå Nord (Hidle og Ombo fekk skyss heim i helikopter i staden for båt etter arrangementet.
Festen på Sjernarøy held fram i morgon med familiefest på ei kunstig øy som Ryfylke Friluftsråd har laga til i samband med bruanlegget og dans utover natta
Kommentarer