Store delar av Stavanger mista straumen då ei av dei store tilførselslinjene til Stavanger, den mellom Bærheim og Støleheia fall ut klokka 12.39 lørdag formiddag.
AV: reidun gudmestad
Straumbrotet i Stavanger lørdag formiddag skuldast kortslutning. Årsaka kan vera salt som har kom med vinden og lagt seg på linja. I alle fall er det den teorien Lyse no arbeider ut frå.
Store delar av Stavanger mista straumen då ei av dei store tilførselslinjene til Stavanger, den mellom Bærheim og Støleheia, fall ut klokka 12.39 lørdag formiddag.
Både Sunde, Randaberg, Nordbø og Buøy var også omfatta av straumbrotet. Byen stoppa nærast opp desse minutta og folk måtte ut av butikkane. I parkeringshuset på Jorenholmen kom bilane seg ut, men det vart kø på utsida då dei ikkje kom inn.
Dei fleste abonnentane fekk straumen tilbake klokka 12.47.
Kommentarer