Studentbank på Kilden

Måndag opnar DNB eit bankkontor for studentar på Kilden. Studentbanken skal driftast av studentar, men du treng ikkje studentbevis for å nytta banken.

- Målet med studentbanken er å ha eit utvida banktilbod til studentar. Det er kanskje lettare for studentar å oppsøkja banken når ein vert møtt av ein student som er i same situasjonen som ein sjølv. På kontoret skal me ha meir ungdommeleg interiør enn i vanlege bankar, seier banksjef Sunniva Landmark Bjørnstad i DNB Studentbank.

Banksjef Gro-Iren Bolstad i DNB fortel at banken har hatt eit prosjekt med produkt retta mot unge i etableringsfasen, og at studentbanken er ein del av prosjektet.

- Kundane får dei same produkta som elles, men får hjelp av studentar. Studentbanken har ei yngre bemanning. Ein som er 60 år gammal kan godt bli ekspedert av ein som er 24, så lenge han kan jobben sin. Det er litt annleis andre vegen. Sjølvsagt kan det gå fint for ein 24-åring å få hjelp av ein 60-åring, men det er lettare å identifisera seg med ein på sin eigen alder, seier Bolstad.

Ope på ettermiddagar

Studentbanken opnar dørene for fyrste gong måndag klokka 14. Banken har ope måndagar og torsdagar frå klokka 14 til 18. I tillegg skal studentbanken ta i mot kundar éin laurdag i månaden.

- Opningstidene i banken er meir gunstige for studentar. Ingen andre bankar har ope på ettermiddagane eller laurdagane. Mange studentar har førelesningar heile dagane og har ikkje mogelegheit til å gå i banken på dagtid, seier Landmark Bjørnstad.

Sjølv om det er studentar du møter i skranken, er det ikkje eit krav at du er student for å nytta deg av banken.

- Banken er oppretta med tanke på studentar, men tenestene er retta mot unge mellom 18 og 34 år. Alle kan koma innom for å få hjelp i banken, seier Landmark Bjørnstad.

Enklare for unge

Hovudoppgåvene til banken vert å selja studentforsikringar, studentpakkar, bustadlån og bustadsparing for unge.

- Tanken bak studentbanken er å gjera det enklare for unge å gå i banken. Me får brukt dei studentane me allereie har tilsett i banken og dei får ofte ein god dialog med andre studentar og veit kvar skoen trykkjer, seier Bolstad

Fire heiltidsstudentar skal drifta banken. Landmark Bjørnstad har jobba med prosjektet med studentbanken sidan november. Sjølv studerer ho på det fjerde året med Industriell økonomi. I tillegg til studiet er ho deltidstilsett i DNB.

- Studentbanken er eit nytt konsept og eg trur det er marknad for det her i Stavanger. Banken vil vera proaktiv og me vil mellom anna ha stands der me deler ut bøkene Skikk & bank, seier ho.

Når banken held ope skal det vera to fulltidsstudentar på kontoret som alle har deltidsjobb i DNB. Thomas Holsen, Linn Bjunes Hunstok og Kathrine Saua Mathiesen er tilsett for å jobba i studentbanken saman med Landmark Bjørnstad.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Lokalt

Alle tunnelers mor bør bli en helgen

I dag sitter Klippenberg i den sørlige provinsen og lurer på om vi må skifte navn fra Rogaland fylke til Ry fylke for å få kroner til veier og tunneler.

30 grader forskjell på under én måned

Mai startet surt, men ligger an til en knallvarm sluttspurt. Fra Eik-Hove i Lund er det registrert temperatursprang på 30,2 grader.

Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt

Det er opprettet tilsynssak mot akuttmottaket ved SUS etter at de sendte hjem den 17 år gamle Lise. På sykehuset var de mest opptatt av å bli kvitt en brysom pasient. Samme ettermiddag forsøkte hun å ta livet sitt.

Egersund rocker i sommervarmen

Bluesfestivalen er en økonomisk suksess allerede før siste kvelden. Når Waterboys går av scenen natt til søndag kan arrangøren glede seg over penger i kassen og et 10 års jubileum som har overgått alle forventingene.

Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles

Flere vegrer seg for å dusje i fellesgarderober, samtidig viser ny svensk undersøkelse at mange unge eksponerer seg seksuelt på nett.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest