Norges Miljøvernforbund ved Kurt W. Oddekalv har meldt Suldal Smolt til politiet for alvorleg miljøkriminalitet. Dagleg leiar og styreleiar i Suldal Smolt, Bård Sindre Skarshaug, stiller seg uforståande til saka.
AV: stavanger aftenblad
I ammeldinga står det at Suldal Smolt produserer ein annan type fisk enn dei fekk konsesjon for. Ifølge Miljøvernforbundet fekk selskapet konsesjon for oppdrett av regnbogeaure, men avlar i staden laksesmolt.
Skarshaug seier at bedrifta har konsesjon for oppdrett av både laks, aure og regnbogeaure. Av økonomiske årsaker har ein førebels vald å bruka berre laksekonsesjonen, seier han til aftenbladet.no.
Miljøvernforbundet peiker på ulempene oppdrettslaksen skapar for villaksen og viser til at Sandsfjorden er klassifisert som nasjonal laksefjord. Forbundet antydar også at Suldal Smolt har drive med overproduksjon av laksesmolt, og foreslår at selskapet får ei foretaksbot på 20 kroner per laksesmolt som er ulovleg ala opp. Sidan anlegget har produsert 1,4 millionar laksesmolt har Miljøvernfobundet rekna ut at det vil gi ei bot på 28 millionar kroner.
- Me har ikkje gjort noko ulovleg, så denne anmeldelsen tek eg med stor ro. Me har heller ikkje produsert meir laksesmolt enn konsesjonen gir rom for, seier Bård Sindre Skarshaug.
I anmeldelsen står det også generelle kommentarar om at oppdrettsanlegga er slepphente med tryggleiken slik at mange oppdrettslaksar rømmer og øydelegg genane til villaksen.
For Suldal Smolt sin del fortel Skarshaug at ein er pålagde særs strenge system til rømningssikring sidan anlegget ligg i ein laksefjord.
- Kvart år har me inspeksjonar på anlegget med tanke på rømming, medan anlegg som ikkje ligg i nasjonale laksefjordar, berre har kontroll annakvart år, forklarer Skarshaug.
Kurt W. Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.
Kommentarer