- Andreas Drarvik må vera utsett for ein eller annan form for hets. Han kan ikkje ha gjort det han er mistenkt for.
AV: heidi hjorteland
DRARVIK-SAKA: Det hevdar den tidlegare svigerdottera Johanna T. Drarvik, busett i Sola.
- Andreas Drarvik og kona hans har i alle år hjelpt vanskeligstilte menneske med mat, gåver og praktisk hjelp.
Johanna T. Drarvik meiner hennar tidlegare svigerfar er for snill til å ha plaga nokon.
Ho har sjølv teke kontakt med avisa, fordi ho ønsker å utfylla biletet av mennesket Andreas Drarvik.
Etter det Aftenbladet kjenner til, er også den fornærma saudakvinna ei av dei Drarvik tidlegare har hjelpt med gåver og støtte i ein vanskeleg livsfase.
Solakvinna reagerer dessutan på at namnet hans er komme ut i ein fase der han berre er mistenkt. Johanna T. Drarvik er personleg overtydd om at ordføraren ikkje har sjikanert saudakvinna, eller vandra rundt i hagen hennar nattetid. Ho undrar seg også over at Drarvik må venta så lenge før han blir innkalt til avhøyr.
- Han var heime heile helga etter den væpna aksjonen i Sauda. Kvifor kunne politiet ikkje avhøyrt han tidlegare, i staden for å halda han på pinebenken i fleire dagar, spør Johanna T. Drarvik.
Lensmann Bjørn Harding Karlsen i Sauda opplyser at dette er heilt vanleg prosedyre.
- Ikkje hans stil
- For å unngå at ein mistenkt må inn til fleire avhøyr, pleier me først å ta runden med vitne, for å få bakgrunnskunnskap til å vita kva me skal spørja mistenkte om. Elles har politiet heile tida halde kontakt med mistenkte i denne saka, frå aksjonen i helga og besøksforbodet, forklarer Harding Karlsen.
Sjølv trur Johanna T. Drarvik den permitterte suldalsordføraren ikkje er typen til å ha gjort det saudakvinna og politiet mistenker han for.
- Slik eg har lært han å kjenna gjennom mange år, er han både for gammaldags og truskuldig til å ha oppført seg slik mot ei kvinne. I tillegg har han i fleire år vore svært vond til beins, og det passar dårleg saman med hagevandring nattetid. Dessutan går han vanlegvis tidleg til sengs, framheld Johanna T. Drarvik.
Oppofrande ektepar
Ho viser til at han og kona i mange år har hjelpt åleinemødre, einslege gamle og andre som sleit med livet. Den omsorga dei to la for dagen, har gjort inntrykk på henne.
- Det er vel kjend at Andreas Drarvik har kjørt rundt med både fisk, kjøt og andre gåver til desse menneska. Han har snakka med bankar for å hjelpa folk å få lån, og før jul plar ekteparet Drarvik å invitera pensjonistar heim på middag. Dei har også vore støttekontaktar for barn til menneske i vanskelege livssituasjonar, fortel den tidlegare svigerdottera.
- Han er den siste mannen i Rogaland eg ville mistenkt for å ha sjikanert ei kvinne, avsluttar ho.
Kommentarer