Trond Lie skal vera prosjektleiar for det nasjonale Garborg- senteret som er planlagt på Bryne. Han kjem frå leiar- stilling på Sølvberget i Stavanger.
AV: reidun gudmestad
- Eg er glad. Han var førstevalget vårt, seier ordførar Arnfinn Vigrestad i Time.
- Han har jo jobba med dette før, seier ordføraren. Trond Lie var dagleg leiar for det store Garborg-året 2001. Det var frå den oppgåva han gjekk til Sølvberget.
No har altså dagleg leiar for Sølvberget, Stavanger kulturhus, skrive toårskontrakt på oppgåva å skapa eit nasjonalt senter for Garborg. Han startar i oktober.
- Eg har trivest kjempegodt her på Sølvberget, men åremålet begynte å nærma meg slutten, og eg måtte tenkja på kva eg skulle gjera vidare, seier han.
- Her er mykje spennande på gang og eg kunne nok fått vore her lenger, men då eg fekk spørsmålet om å byggja opp Garborg-senteret, frista også det.
Mange faktorar har spelt inn i valget.
- Sjølvsagt er eg audmjuk og glad for at dei spurte meg. Etter at Aftenbladet skreiv at eg kunne vera aktuell for stillinga, har eg også fått henvendelsar om at eg er velkommen tilbake til Bryne. Det kjennest også godt. Men mange vil nok også tykkja at eg har eit forklaringsproblem når eg forlet ei så spennande stilling som eg har no, så nær opptil 2008.
- Eg ønskjer å vera med å gjera Garborgs liv, forfattarskap og virke kjent og tilgjengeleg, seier han om den nye rollen sin.
Senteret får ei flott plassering midt i det pulserande livet i tilknyting til nytt bibliotek og kanskje også med to vidaregåande skular rett i nærleiken.
- Ein etter ein av Lie-brørne vender altså no tilbake til Bryne med ressursane sine?
- Ja, kanskje du kan seia det slik at bror min Tore kjem med kapital som hovudsponsor for fotballen og som stadionbyggjar, og at eg kjem tilbake med kultur i ryggsekken.
Den tredje av oss, Egil, har også merket sitt på dei røde og kvite fotballdraktene.
Det er han som eig ABCenter i Stavanger.
- Eg kjenner det slik at eg har lyst å bidra og gi noko tilbake til Bryne. Kanskje brørne mine også gjer det, seier Trond Lie. Han er 46 og eldstemann.
Det er Time kommune, Time mållag og fylkeskommunen som skal finansiera prosjektstillinga.
reidun.gudmestad@ aftenbladet.no
Kommentarer