Vil ha nytt Internasjonalt (litteratur)hus på Nytorget

Petter Gilsvik vil flytta Internasjonalt hus til Nytorget, og laga eit nytt, breiare og meir internasjonalt litteraturhus.

- Me vil ikkje skapa eit nytt Kiellandsenter, men laga eit breitt hus i Kiellands and. Der er ein ikkje seg sjølv nok, men tar inn og anerkjenner også dei som vanlegvis ikkje blir høyrde.

Direktør Petter Gilsvik sit engasjert på kontoret sitt i Internasjonalt hus i Hillevåg. På bordet bognar det i papir og illustrasjonar som skal underbyggja ideen han vil selja inn til Stavanger.

- Kommunen har invitert folk og organisasjonar til å tenkja visjonært til kommuneplanen for 2010- 2025. Dette er vårt innspel til korleis me kan skapa meir aktivitet i sentrum og gi meir liv til byen, seier Gilsvik.

Kulturtorg

Mens Jostein Soland på oppdrag frå Sølvberget har skrive eit forprosjekt til eit litteraturhus i Stavanger der han foreslår å byggja eit nytt hus på den gamle Kielland-tomta ved Breiavatnet, kjem altså Gilsvik med eit nytt innspel i litteraturhusdebatten. Gilsvik vil tenkja langt breiare enn Soland, og ser for seg å skapa eit kulturtorg som er tenkt utvikla i lag med ei rekkje aktørar. På lista Gilsvik viser fram står 13 aktørar, frå innvandrarmiljøet via forfattarar og universitetet og til næringslivet, stat, kommune og fylke.

- Kor mange av desse har de snakka med; kor mange har du med deg bak denne ideen?

- Me har snakka med Rogaland kunstsenter, Utvandrarsenteret og Stavanger sentrum AS. I tillegg har me snakka med dei fleste gruppeleiarane for dei ulike politiske partia og fått god respons, svarer Gilsvik. Han understrekar at konseptet ikkje er fiks ferdig, men at dette er meint som eit utfordring Stavanger kan vera med å tenkja rundt.

Pengar

Det eksisterer heller ikkje nokon finansieringsplan, men ambisjonen er å skapa eit vitensenter som kan få nasjonal knutepunktstatus og dermed finansiering både frå fylke og stat - i tillegg til andre aktørar.

- Fritt Ord, som har finansiert Litteraturhuset i Oslo, har sagt at dei ikkje vil finansiera ein kopi. Men skulle Stavanger gå for dette konseptet, ville me fått eit litteraturhus som det ikkje finst maken til i Norge. Då burde Fritt Ord også kunna bidra, seier Gilsvik.

Forfattar

Gilsvik har med seg to forfattarar, Odveig Klyve og Arshad M. Ali. Begge stiller seg bak ideen og meiner ein slik møtestad vil stimulera tanken til nokon kvar.

- Det er viktig å skapa møtestader for tankekraft, rom for dialogar. Slike møtestader fører oss framover, både som kunstnarar og som menneske i ei fleirkulturell verd, seier Klyve.

Ali seier at mange i innvandrarmiljøet kjenner naturleg tilknyting til Internasjonalt hus - akkurat som andre grupper har sine stader der dei går.

- Det ville gi betre samspel og forståing for alle partar om det fanst ein naturleg møtestad for dei ulike gruppene. Det kunne både nordmenn og innvandrarar lært av, seier Ali.

Soland

Gilsvik har snakka med litteraturhusutgreiar Soland før han leverte sin rapport, der Gilsvik presenterte sin idé.

- Den samtalen kan ikkje ha gjort så sterkt inntrykk på Soland, sidan det ikkje er mykje av din idé å finna i Kiellandhus-utgreiinga?

- Nei. Og derfor kjem me altså med dette alternative innspelet.

- Blir Solands forslag til Kiellandsenter for kvitt og lite multikulturelt for dykk?

- Eg vil ikkje bruka slike ord på det. Men eg vil altså invitera inn representantar for dei 14 prosentane innvandrarar frå 170 ulike land som i dag bur i Stavanger, og ikkje bare invitera professorar utanfrå. Me ønskjer å stimulera fleire, nye stemmer som allereie bur her.

Vinn-vinn

Internasjonalt hus har i mange år ønskt å flytta frå Hillevåg til sentrum i Stavanger.

- Det ligg mykje eigeninteresse også for dykk i denne ideen?

- Dette prosjektet blir ikkje realisert før eg er pensjonist. Målet til Internasjonalt hus er å få til kommunikasjon på tvers av grenser. Då treng du eit sterkt miljø der også minoritetane blir høyrde. Men skulle vår visjon blir realisert, er det noko alle ville vinna på, svarer Gilsvik.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Lokalt

Thorbjørnsen: – Burde reagert på arbeidspresset

- Hvis det er noe som jeg tenker på om vi bør ta kritikk på, er at jeg ikke har sett det voldsomme arbeidspresset Helge har hatt, sier Per A. Thorbjørnsen.

Døv i trafikken

Går du i trafikkerte områder med hodetelefoner? Da er sannsynligheten for å bli truffet av en bil tre ganger høyere.

- Hensynet til jenta viktigst fra første stund

Per A. Thorbjørnsen snakket ikke med Helge Solum Larsen før han ga sine råd til den unge jenta som har anmeldt Larsen for voldtekt. Her forteller Thorbjørnsen og Iselin Nybø hvordan de siste døgnene har vært.

Thorbjørnsen må svare på spørsmål om Solum Larsens fortid

- Vi har aldri hørt eller sett at Helge Solum Larsen har begått overgrep eller oppført seg seksuelt krenkende overfor unge jenter tidligere, sier sentrale venstrefolk.

Søvnløse og triste

Politikerkolleger i Stavanger opplever voldtektssiktelsen mot Helge Solum Larsen som trist og tragisk for alle involverte.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet