FOTO: Hilde Moi
Snøen vert faktisk liggande litt, og i løpet av helga kjem det meir.
AV: charlotte steine, hilde moi
Fredag morgon vakna Rogaland til eit fleire centimeter tjukt snølag. Dette skal vekse seg tjukkare.
- Utover laurdagskvelden kan det koma litt nedbør att. På søndag kjem det litt snø. Spesielt på kysten, men me veit ikkje kor langt inn det kjem, seier statsmeteorolog Helene Erlandsen i Meteorologisk institutt.
På dagtid laurdag skal det vera opphald og temperaturen vil liggja på mellom fire og sju minusgrader. Søndag vil temperaturen stiga litt og liggja mellom null og fire minus.
Fredag føremiddag var 14 brøytebilar ute og rydda vegane i Stavanger. Viking melde om ei svært travel natt til fredag. Det tok lang tid å kome seg fram både med buss og bil. Politiet bad folk la vere å køyre bil om dei ikkje måtte.
- Dei bør tenke "må eg gjera akkurat det akkurat no, eller kan det venta. Kan eg ta det i morgon, eller gjera det med buss?" Poenget er å få færre bilar på vegane, seier operasjonsleiar Kjetil Føyen i Rogaland politidistrikt.
Det er no fullt mogleg å gå på ski langs kysten, men det er enda meir snø i fjellområda.
Skiinfo.no melder at det er 126 centimeter snø i Sirdal. Det er meldt 12 minusgrader laurdag. Søndag kan det koma 3 centimeter med snø og temperaturen vil liggja på fem minusgrader. 10 skitrekk er opne.
Stavtjørn har halvannan meter med snø og fire opne trekk. Laurdag er det venta mellom 10 og 14 minusgrader og opphaldsvêr. Søndag kjem det snø etter klokka 12 og temperaturen vil variera mellom fire og seks minusgrader.
I Røldal er det 340 centimeter med snø og seks opne skitrekk. Laurdag er det venta 15 til 16 kuldegrader, medan det er meldt mellom 13 og 17 minusgrader på søndag. Det er venta opphald fram til søndag ettermiddag.
Fem skitrekk er opne i Sauda og det ligg 210 centimeter snø i bakkane. Det vil vera opphaldsvêr på laurdag med ein temperatur på mellom seks og ni minusgrader. Søndag vil temperaturen stiga til mellom to og fem minusgrader og det kan koma snø heile dagen.
Det er meldt søraustleg stiv kuling, frisk bris mot kvelden. Det vert litt snø, men frå ettermiddagen vert det etter kvart stort sett opphaldsvêr.
På kysten skal det bli søraustleg frisk bris, frå ettermiddagen liten kuling som går over til sterk kuling om kvelden. Det vert opphaldsvêr. Indre strøk får periodar med fint vêr.
Det vert snø, sludd på kysten. Temperaturen er stigande. Utsette stader bles det søraustleg frisk bris, sterk kuling på kysten som vil minka noko om kvelden.
Følg med på Aftenbladet.no for oppdatert informasjon heile helga.
Kommentarer