Variert kulturtilbod i Storstova i vår

Kulturhuset Storstova på Bryne kan by på kultur for ein kvar smak framover vinteren og våren 2005.

BRYNE: Alt 5. februar brakar det laus med kulturmønstringa for ungdom mellom 13 og 20 år. Då skal deltakarane i ti stive timar få vist kva dei er gode for innan dans, klassisk musikk, song, rock, pop, jazz, film, dataprogrammering. I alt 55 sceneinnslag, seks filmar og ei kunstutstilling med 19 ulike arbeid skal visast.

Dette lokale arrangementet er starten på Ungdommens Kulturmønstring (UKM). Dei beste går vidare til fylkesfinale og riksfinale.

15. februar er Storstova reservert til Ingrid Bjørnov og førestillinga «Klassisk Hærverk». Ingrid Bjørnov tilbyr jærbuen 90 minutt med kjærleg radbrekking av musikkhistoria. Ho har fått strålande kritikkar i riksavisene for førestillinga.

8. mars er det duka for feiring av H.C. Andersen sin 200-årsdag. Riksteateret kjem til Bryne og skal laga barne og familieførestilling med høg prinsessefaktor, lovar dei ansvarlege i Storstova.

16. mars er det duoen og brødrene Bård og Vegard Ylvis frå Bergen sin tur med showet «Ylvis- en konsert». Ylvis vil presentera musikk som har betydd mykje for dei opp gjennom åra. Her kan det bli fart og mosjon for smilebanda.

2. april entrar Riksteateret scenen med stykket «Større enn Abba». Paul Håvard Østby, Anders Bye og Jon Niklas Rønning er komikarane bak stykket «Større enn Abba» som er ein heilaftans musikalsk standup-komedie.

Les også