Tidspunktet for avhøyret av Andreas Drarvik er ennå ikkje bestemt.
AV: heidi hjorteland
Drarvik-saka: Etter at rundt ti vitne er avhøyrt, skal Andreas Drarvik få fortelja sin versjon av hendinga i Sauda sist helg.
Andreas Drarvik er for tida friteken frå ordførarvervet på grunn av denne politisaka.
Etter planen skulle Drarvik blitt avhøyrt i dag, men på grunn av advokatbistand vil tidspunktet truleg bli flytta.
Meir etterforsking
Fakta i saka så langt er at nokon har skrive sjikanerande og nedsettande ord på vindauge og vegger hjå saudakvinna, og at det har gått ein person i hagen hennar på kvelds- og nattetid. Kven denne personen er, og om det er same person som både har skribla og vandra rundt, blir det nå opp til politiet å finna ut av.
Etterforskinga vil difor halda fram for fullt dei næraste dagane.
Sjølv om Andreas Drarvik er mistenkt, må politiet like fullt halda fleire muligheter opne.
Fleire uavhengige vitne som sat i hagen fredag kveld då politiet rykka ut til Fløgstad, meiner dei såg Drarvik i hagen til saudakvinna. Sjølv såg politiet ikkje kven personen var, sidan han forsvann før politiet nådde fram til staden.
God oversikt
Om andre vitne som var i fløgstadområdet har komme med eintydige utsegner, vil lensmann Bjørn Harding Karlsen førebels ikkje seia noko om. Han føler politiet nå har god oversikt over alle personane som var i området i det aktuelle tidsrommet.
Når det gjeld besøksforbodet, vil Ryfylke tingrett truleg behandla denne saka rett over helga.
Politiadvokat Thor Arne Reitan seier at dei to partane i saka ikkje treng å møta under rettsmøtet, med mindre den eine stemnar den andre som vitne. I praksis er det ofte sorenskrivaren som åleine behandlar ei slik sak. Partane har også høve til å senda advokatane sine til retten.
Blir sjeldan oppheva
I teorien kan Tingretten oppheva eit besøksforbod. I praksis skjer det svært sjeldan, opplyser Reitan.
Besøksforbod i denne saka er grunngjeve med at kvinna følte seg utsett for skremande og plagsom oppførsel.
Besøksforbod treng ikkje gå på straffbare ting, presiserer Thor Arne Reitan.
heidi.hjorteland@aftenbladet.no
Kommentarer