Jærkommunar får ungdom i arbeid

I samarbeid med sosialetaten har det interkommunale selskapet Jæren Industripartner AS tilbud til unge under 21 år som står i fare for å enda som sosialhjelpmottakarar.

Dei tre jærkommunane Klepp, Time og Hå eig selskapet.

- Dei to kommunane Klepp og Time er med i «Snu i døra»-programmet over tre månader. I den første forsøksperioden resultarte opplegget i at 16 av 22 ungdommar vart tilbakeførte frå sosialhjelp til aktivt lønna arbeid eller skulegang på Jæren, seier administrerande direktør Arild Kastmann i Jæren Industripartner til Aftenbladet.

Kan bli varig tiltak
- Me i Klepp satsar på at prosjektet «Snu i døra» skal verta eit varig tiltak for unge sosialhjelpsmottakarar også etter prosjektperioden er slutt 31. desember 2005, seier ordførar i Klepp, Elfinn Lea, til Aftenbladet.

I morgon skal Utval for levekår i Klepp drøfta nettopp dette forslaget og vidareføringa av ordninga. I forslaget ligg det inne at Time kommune også må bli med på vidareføringa.

Statstikken frå arbeidstreningsprogrammet og Jæren Industripartner viste desse tala for siste del av 2004:
25 deltakarar har vore med i tiltakspakken. 13 var menn og 12 kvinner. 12 av deltakarane var frå Klepp og 13 kom frå Time. Gjennomsnittsalderen var 19 år.

Statistikken for 2004 viser at fire av de 25 brukarane kom seg over i varig fast arbeid. Ein fekk hospiteringsavtale. To kom inn på kurs gjennom Aetat. Tre starta på skulegang og to personar fekk seg arbeid på spesielle vilkår. Fire av deltakarane har flytta. Fem ville ikkje sluttføra programmet og ein fekk sparken.

I februar 2005 hadde dei to kommunane ein ny gjennomgang av prosjektet. Då hadde 27 ungdommar deltatt i «Snu i døra». Av desse var det bare fem personar som var tilbake på sosialhjelp, altså hang meir enn 80 prosent med vidare.

- Dei fleste som er med i tiltaket, trivst godt, skriv kommunalsjef Kåre Bøen i Klepp i si innstilling til kommunalpolitikarane i Klepp.

Betre enn landet
Tilbakeføringa til arbeidslivet gjennom «Snu i døra» har vore mangfoldige prosent over resultata ellers i landet.

- Tanken bak «Snu i døra» er at unge som søkjer sosialhjelp, raskt skal bli ført over frå passivt sosialhjelpsmottak til aktivt arbeidsliv. Ofte tar det bare få timar frå sosialsøkjaren kjem til sosialkontoret til vedkomande er i arbeid, skriv fagleg leiar for APS (Arbeid i skjerma virksomhet), Reidar Tho, i sakspapira til levekårsutvalet i Klepp.

Tho skriv vidare at «ein del personar som har henvendt seg på sosialkontoret for å søke om sosialhjelp, har trekt søknaden når de får beskjed om at de må jobbe».

Avtalen mellom Jæren Industripartner, dei arbeidssøkjande og kommunane Klepp og Time er at kvar deltakar kan vera i dette spesielle tiltaket i inntil tre månader. Kommunane betalar 13. 250 kroner for kvar deltakar.

asgeir.lode@aftenbladet.no

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Lokalt

Døv i trafikken

Går du i trafikkerte områder med hodetelefoner? Da er sannsynligheten for å bli truffet av en bil tre ganger høyere.

- Hensynet til jenta viktigst fra første stund

Per A. Thorbjørnsen snakket ikke med Helge Solum Larsen før han ga sine råd til den unge jenta som har anmeldt Larsen for voldtekt. Her forteller Thorbjørnsen og Iselin Nybø hvordan de siste døgnene har vært.

Thorbjørnsen må svare på spørsmål om Solum Larsens fortid

- Vi har aldri hørt eller sett at Helge Solum Larsen har begått overgrep eller oppført seg seksuelt krenkende overfor unge jenter tidligere, sier sentrale venstrefolk.

Søvnløse og triste

Politikerkolleger i Stavanger opplever voldtektssiktelsen mot Helge Solum Larsen som trist og tragisk for alle involverte.

Aarebrot: - Venstre har gjort alt riktig

Samfunnsforsker Frank Aarebrot mener at Venstre har gjort alt rett i håndteringen av saken mot Helge Solum Larsen.

SPRINGBRETT: Å ha eit arbeid å gå til, betyr mykje for sjølvrespekt og livskvalitet for enkeltmenneske. Sidan 1994 har Jæren Industripartner AS vore eit springbrett mot eit nytt tilvære ved å tilby ulike former for tilrettelagt arbeid for folk som ellers ville hatt vanskar med å skaffa seg meiningsfullt arbeid.

SNUOPERASJON: I 2002 hadde Jæren Industripartner AS eit underskot på 128.000 kroner. I 2001 var minusen på 310.000 kroner. I 2003 kom snuoperasjonen. Nå tener Jæren Industripartner AS pengar.

OVERSKOT: I 2003 var overskotet 953.579 kroner og driftsmarginen var på 4,08 prosent. Heile overskotet vert sprøyta tilbake i selskapet og brukt til nyinnkjøp av produksjonsutstyr og utviklingsarbeid. De tre jærkommunane Klepp, Time og Hå eig bedrifta.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet