Inger Skjervold Rosenfeld, som driv osteproduksjon på Austlandet og i Vikedal, ønsker nå å starta osteproduksjon på Sand, skriv Suldalsposten.
SULDAL: Firmaet hennar «Den blinde ku» har hatt stor suksess med ostane sine i USA. Nå har firmaet også fått i stand avtalar med Coop, Norgesgruppen og ICA. Dermed trengst det mykje ost.
Tine legg ned meieriet på Sand i mai, og vil selja bygningen. Rosenfeld ønsker at kommunen kjøper meieriet og at ho leiger produksjonslokala. Ho treng også fire millionar kroner i start- og arbeidskapital.
Ho reknar med å produsera blåskimmelost og goudaost med urtesmak på Sand, dersom etableringa går i orden.
Rosenfeld la fram planane sine for Suldal formannskap på tysdag. I går kalla ordførar Hans Sæter (Ap) inn til eit møte mellom kommuneleiinga, Suldal Utviklingsselskap og Fylkesmannen si landbruksavdeling, der ein skisserte ulike løysingar. Sæter lovar at kommunen vil setja alle klutar til for å få til vidare drift i meieribygget på Sand.
I dag har Tine 13 tilsette. Inger S. Rosenfeld vil ikkje trengja så mange i starten, men håpar salskurvene vil gjera at ho på sikt kan gi arbeid til endå fleire enn den noverande arbeidsstokken.
Kommentarer