Kartplottar og GPS kan vera nyttige hjelpemiddel på sjøen. Men Jan Welde trur hjelpemidla kan verte «soveputer.»
AV: heidi elin nupen
- Eit økonomisk oppsving har gjort at ein heilt ny type «sjåfører» er ute på sjøen, seier Jan Welde ved Baatskolen Poseidon i Stavanger.
Kjenneteiknet ved desse båtførarane er at lommeboka er fyldigare enn kunnskapane om ferdsel på sjøen - og at dei oppfører seg deretter, meiner han.
«Nintendo-køyring»
- Særskilt står det sørgeleg dårleg til med navigasjonsferdigheitene. Somme som er oppvaksne med dataspel og driv «Nintendo-navigasjon». Det betyr samtidig at viss sikringen går, så anar dei ikkje kvar dei er i terrenget, seier Welde.
Gjennom vinteren tek mellom 150 og 200 båtførarprøva hos Baatskolen Poseidon. Welde kjenner likevel til at det finst motstandarar av båtopplæring, som ser på sjøen som det siste friområdet - staden der lovløysa skal herska.
Motstandarar
- Uansett korleis ein vrir og vender på det, så er sikkerheit på sjøen eit spørsmål om haldningar. Men haldningar heng nøye saman med innsikt, kunnskap og erfaring. Sjølv har eg hatt gleda av å «lokka» nokre av desse «opplæringsmotstandarane» med på båtførerkurs.
Welde opplever at dei skråsikre båteigarane gjennom kurset endrar innstilling til båtopplæring.
- Dei kjem med ei sementert oppfatning av at alt dette er noko dei kan, noko dei meistrar og at dei berre går for å få rabatt på forsikringspremien. Men etter gjennomført kurs innrømmer dei ope at dei har lært enormt mykje både om navigasjon, sjøvegsreglar og kart, fortel Welde.
heidi.elin.nupen@aftenbladet.no
Kommentarer