Festar med laks og frukt for tiande gong

Du har rett. Når Terje Borgen sitt blide fjes dukkar opp blant frukttrea, veit du at det nærmar seg Norsk Frukt- og Laksefest på Hjelmeland.

Årets festival er den tiande i rekka og føregår 16. og 17. september.

Borgen kan lova mykje av det velprøvde og populære, men festen har også mykje nytt å by på.

Festivalen startar som alltid med handverks/husflidsutstilling i Spinneriet fredag. Same kveld blir det kyrkjekonsert i Hjelmeland kyrkje med Gunstein Draugedalen og Olav Mostøl.

Nytt av året er at Marine Harvest satsar sterkare enn nokon gong på å synleggjera seg som ein viktig støttespelar bak frukt- og laksefesten.

Kino i trailer
Selskapet skal mellom anna ha ein trailer i Vågen, utstyrt som ein kinosal, der folk kan komma inn og sjå film frå eit oppdrettsanlegg.

I lufta vil Sea King-en demonstrera redning frå sjø, og eit mindre helikopter vil tilby turar over Hjelmeland for dei som ønskjer å sjå festivalen i fugleperspektiv.

Idol-konsert
Frå lufta vil ein mellom anna kunna sjå den heilt nye og permanente utescena ved kommunehuset. Her vil Maria Thoresen med band halda Idol-konsert laurdagen.

- Den nye scena er trekt lenger opp mot elva. Anlegget er laga av tre og stein, fortel festivalgeneralen.

Spinneriet vil i år husa heile 63 utstillarar. Terje Gordon Jensen frå Kristiansand er årets gjesteutstillar. Han lagar møblar og skulpturar og går alltid berrføtt, sommar som vinter, kan Terje Borgen opplysa.

Frukt- og laksefestivalen er etterkvart blitt så kjend at vêret ikkje lenger spelar så stor rolle for besøkstalet. Festen trekker fleire folk kvart år. I fjor var vel 3000 menneske innom.

Svoltne skal ingen gå frå festivalen dette året heller.

Laks og frukt i dungar får selskap av både vaffelkaker, thaimat, grillam, wokretter og endå mykje meir.

- Dei nye fiskeslaga til Marine Harvest, torsk og kveite, er naturlegvis også med, opplyser Borgen.

Hagevandring
Når ein ikkje et, kan ein tevla om den beste fruktdesserten, eller knipsa plommesteinar til det svir i fingrane.

Nytt av året er hagevandring i ein hage nær festivalområdet.

Fylkesmannen si landbruksavdeling står bak vandringa.

Dette er eit såkalla Streif-arrangement og skal vera ei markering av unionsoppløysinga, fortel festivalsjefen.

Terje Borgen trur det meste er på plass nå, men veit at det garantert vil bli stress heilt fram til fredag 16. september.

- Men det er slik det skal vera, det, konstaterer han nøgd.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Lokalt

Økokrim henlegger sak mot Terje Lind

Mandag henla Økokrim saken mot tidligere banksjef Terje Lind i Handelsbanken. Lind var anmeldt av Johannes Lunde for korrupsjon.

Fant tom bil i Hovsvatnet

Mandag ettermiddag meldte en bussjåfør fra om en bil som stod med fronten ute i Hovsvatnet i Lund.

Bergenspoliti håva inn pengar i rundkøyring

Manglande blinklysbruk i rundkøyringar gjorde at politiet i Bergen tente 160.000 kroner på to kontrollar.

Våknet av at huset ristet

Stavangermannen Jan-Egil Granfoss (50) ble vekket av at hele huset ristet under det kraftige jordskjelvet på Filippinene mandag.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest