Den tiande Frukt- og laksefesten sette ny publikumsrekord

Marine Harvest sin glade ballonglaks - Hege Nessa - freista barna med fargerike ballongar, som dei straks etter sleppte, for å sjå dei ta strake vegen inn i den klarblå hausthimmelen.

HJELMELAND: Laks, kveite og torsk stod det på eit stort banner over Hjelmelandsvågen denne dagen. Laksen må nemleg nå dela plassen med dei to kvitfiskslaga under festivalen.

Alle dei tre fiskeartane symde rundt i baljar og basseng på kaiområdet.

Festivalen er eit viktig utstillingsvindauge for Marine Harvest. I ein eigen trailer kunne publikum sjå film frå oppdrettsanlegg, og snakka med folk som arbeider på laboratoriet hjå selskapet som er blitt Hjelmeland si nye hjørnesteinsbedrift.

Frukta har vore her lenge, men kvar haust er epla, plommene og pærene like blanke og friske å setja tennene i. Fruktdyrkar Eivind Lodén set kniven i små halvmåneforma epleskiver, og gir smaksopplevingar til dei forbipasserande.

Lodén fortel korleis aromaen frå Discovery spreier seg i heile fjeset, slik at du straks forstår kva slags eple du har med å gjera.

Ingebjørg Halle knaskar og tygg. Ho tykkjer all hjelmelandsfrukt er god.

Litt lenger borte står ein lystig gjeng som syter for at litt av frukta får noko å liggja på.

Skal det vera ei gongkake, eller ein saupskolt, ei hopp-oppkake, ei klødde, ei klappekake, eller rett og slett ei natronkake? Marit Meltveit Vignes ler, og stadfester at kjær kake har mange namn. I Hjelmeland heiter ho gongkake, og kan svært gjerne etast med plommesyltetøy.

Med 4000 betalande gjester, reknar arrangørane med at Frukt-og laksefesten vil gå med overskot. Det kom 1000 fleire besøkande til årets festival enn i fjor, opplyser Lars Kvame.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Lokalt

Økokrim henlegger sak mot Terje Lind

Mandag henla Økokrim saken mot tidligere banksjef Terje Lind i Handelsbanken. Lind var anmeldt av Johannes Lunde for korrupsjon.

Fant tom bil i Hovsvatnet

Mandag ettermiddag meldte en bussjåfør fra om en bil som stod med fronten ute i Hovsvatnet i Lund.

Bergenspoliti håva inn pengar i rundkøyring

Manglande blinklysbruk i rundkøyringar gjorde at politiet i Bergen tente 160.000 kroner på to kontrollar.

Våknet av at huset ristet

Stavangermannen Jan-Egil Granfoss (50) ble vekket av at hele huset ristet under det kraftige jordskjelvet på Filippinene mandag.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest