Hilde flytta mot straumen, og angrar ikkje.
AV: heidi hjorteland
SULDAL: Hilde Mjølsnes (40) sit kloss i vindauget i Atelier Sand, og arbeider konsentrert med smykka sine.
Randaberg-keramikaren veit at ho er motstraums, som flytta frå eit bynært område til Suldal i sommar. Ønsket om ro for å skapa var ei viktig drivkraft.
Ho leiger lokala som tidlegare husa ein nedlagt butikk. Her har ho rigga seg til med både atelier og galleri.
Fikk stipend
Kunstnarprosjektet var utslagsgjevande for at det blei Suldal og ikkje Nord-Norge ho flytta til.
Hilde Mjølsnes er så langt ein av to kunstnarar som har busett seg i kommunen og fått støtte til bustad og arbeidslokaler.
- Pengane gjer at eg kan leva litt freda i starten. Skal ein vera i vanleg fast arbeid i tillegg, går det ut over energien til å skapa kunst. Med stipendet kan eg gi meg sjølv lov til å sitja og sjå ut av vindauget og bli inspirert, seier Mjølsnes.
Frå arbeidsplassen ved vindauga kan ho sjå rett ut i sentrumsgata på Sand. Her sit ho og lagar små terakottasmykke då Aftenbladet kjem innom. Smykka skal ho selja i galleriet sitt.
- Kultur er også næring
Ho har stor sans for Suldal sin visjon om å gjera kultur om til næring.
- Folk er på leit etter annleis opplevingar i dag. Det ekte og det unike. Greier Suldal å bygga opp eit godt kunstnarmiljø, vil det føra til at fleire kunstnarar får augene opp og flyttar inn, trur ho.
Eit ope miljø der ein kan leva i lag i repsekt, er vesentleg for å lukkast med rekrutteringa. Ho trur også kvinner generelt legg meir vekt på kulturtilbod når dei skal velja buplass.
Mjølsnes har flytta mange gonger i løpet av livet. I fleire år har ho budd i London, og ho har ein internasjonal venneskrets. Dei er fire venninner, frå høvesvis London, Berlin, Paris - og Hilde frå Sand, som har som mål å stilla ut i kvarandre sine heimland.
Lokal og internasjonal
For tida har jentene ei utstilling i London. Hilde har også planar for at dei kan gjera noko i lag i Norge.
Elles er ho oppteken med eit prosjekt for Suldal kulturhus. Det er eit installasjonsarbeid som skal vera ferdig om nokre veker. For ei tid tilbakehusa galleriet hennar ei sommarutstilling, og snart er bilete frå ein kunstnar i Bærum på veg.
- Målet er å ha flest mulig andre kunstnarar representerte i mitt galleri, og mine eigne arbeid utstilt hjå andre. Elles så har eg så store lokaler her på Sand, at eg gjerne hadde sett av eg fekk ein kompajong, seier ho.
Blant ugifte suldalsmenn er nok heller ikkje tanken om ein kompanjong framand, men Mjølsnes tenker førebels ikkje i slike banar.
Ho kom til Suldal for å arbeida og ikkje for å finna seg ein mann, slår ho fast.
Rekruttering: Kunstnarprosjektet i Suldal har som mål å få kunstnarar til å busetja seg i Suldal for kortare eller lenger tid.
Mål: Eit sterkare samarbeid mellom kultur, næring-og reiseliv skal tilføra Suldal nye arbeidsplassar og tilflyttarar.
Pengestøtte: I 2005 brukar Suldal vel ein halv million kroner på kunstnarane. I dei komande tre åra er det sett av 700.000 kroner i året til prosjektet.
Kommentarer