Jaktar på kongsgard med georadar

Kongsgarden til Harald Hårfagre, Olav Trygvasson og Olav den Heilage på Avaldsnes skal fram i dagen. Nå er det tatt i bruk ny søketeknikk som sjeldan er blitt nytta i historisk underjordisk jakt i Norge.

KARMØY: Djupt under jord og stein på Avaldsnes, finst restane av kongsgarden frå vikingtida.

- Ettersom jorda rundt Olavskyrkja på Avaldsnes er proppa med historisk verdfullt materiale vil me ikkje grava utan at me veit at noko er å finna, seier Marit Synnøve Vea, leiar av Avaldsnes-prosjektet.

Forretningsmannen og historieentusiasten Sigurd Aase frå Haugesund har stilt midlar til rådvelde for desse undersøkingane.

I går dreiv geolog Kjell Persson frå Universitetet i Stockholm ei stille jakt på djupt gøymde fornminne.

Han nyttar georadar, ein teknologi som tidlegare mellom anna har oppdaga fleire tusen år gamle gravkammer 15 meter under ørkensand i Egypt.

- Men i kompakte massar her på Avaldsnes når eg truleg ikkje djupare enn til ca tre meter, seier Persson.

Spor etter byggverk
- Men det er i dei øvste 75 centimetrane at dei aller fleste interessante funn kan gjerast, seier Olle Hemdorff, arkeolog ved Arkeologisk Museum i Stavanger. Til å korrigera og supplera data frå bruken av georadar, tar geologen også i bruk eit apparat som kallast slingram.

Felles for båe desse teknikkane er at ein ville kunne få tilbake signal som viser om jord og stein er blitt endra av andre krefter og årsaker enn dei fysiske og geologiske. Menneskeskapte endringar og spor av gamle byggverk kan dermed bli avdekka.

Seinare i vår skal dei same områda ved Avaldsnes kyrkja også saumfarast med magnetometer.

Når alle data er innsamla, tolka og lagt over einannen vil ein ha relativt sikre haldepunkt for å peika ut der funn kan gjerast.

- Stolpehus, ein byggeteknikk, som blei nytta i Norge i meir enn to tusen år og fram til og med vikingtid, brukar å setja tydelege og varige spor i jorda. Men dersom kongsgarden er blitt bygt i lafteteknikk er sjansane svært små for å finna restar, seier Marit Synnøve Vea.

Under parkeringsplassen ved kyrkja er det tidlegare avdekka delar av ein underjordisk gang, truleg bygt som rømmingsveg frå ein viktig bygning og ut mot sjøen.

Resultat på utstilling
- Nå håpar me å kunne peika ut kva retning desse rømmingsvegane er bygde. Det kan igjen indikera kvar viktige bygg for mektige personar har lege, seier Vea.

Sjølv om viktige funn er gjort på Avaldsnes gjennom fleire hundre år, ligg det meste ennå truleg løynt i jorda og under sjøbotn.

- Me er heldige her på Avaldsnes, som nå har eit flott historisk opplevings- og presentasjonssenter der nye funn kan visast for publikum straks dei er gravne fram, seier entusiastiske Marit Synnøve Vea.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Lokalt

- Vi må snakke åpent og høyt om uønsket seksuell kontakt

De aller fleste overgrep blir begått på et nachspiel, av en venn mot ei venninne.

Thorbjørnsen: – Burde reagert på arbeidspresset

- Hvis det er noe som jeg tenker på om vi bør ta kritikk på, er at jeg ikke har sett det voldsomme arbeidspresset Helge har hatt, sier Per A. Thorbjørnsen.

Døv i trafikken

Går du i trafikkerte områder med hodetelefoner? Da er sannsynligheten for å bli truffet av en bil tre ganger høyere.

- Hensynet til jenta viktigst fra første stund

Per A. Thorbjørnsen snakket ikke med Helge Solum Larsen før han ga sine råd til den unge jenta som har anmeldt Larsen for voldtekt. Her forteller Thorbjørnsen og Iselin Nybø hvordan de siste døgnene har vært.

Thorbjørnsen må svare på spørsmål om Solum Larsens fortid

- Vi har aldri hørt eller sett at Helge Solum Larsen har begått overgrep eller oppført seg seksuelt krenkende overfor unge jenter tidligere, sier sentrale venstrefolk.

Tusenårsstad: For Rogaland og ligg i Karmøy kommune.

Fyrstesete og kongsgard: Funn tyder på at Avaldsnes har vore fyrste- sete i 3000 år. Her låg truleg Norges eldste kongesete.

Olavskyrkja: Bygt ca. 1250 då Håkon Håkonsson medan Noregs elde var på sitt største.

Nordvegen historiesenter: Blei opna av dronning Sonja i fjor. Opplevingssenter for historieinteresserte. Her blir og det nyaste innan arkeologiske funn og forsking presentert.

Vikinggard: Ei samling hus frå vikingtida er bygt opp på Bukkøy, som er blitt ein populær leirskule.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet