KrF vil frigje undergangar til tagging

Arnhild Aano Høyen (KrF) vil sleppa til ungdom med sprayboksar i nokre av undergangane i Stavanger. Ho trur neppe byen blir stort reinare av den grunn.

STAVANGER: - Nei, eg er ikkje så naiv at trur dette vil føra til mindre ulovleg tagging og grafitti, seier Høyen.Aftenbladet møter ho i gangen under Lagårdsveien, like ved Strømsbroen. Dette er ein av mange undergangar i byen som er tilgrisa av tagging. Ho trur ikkje denne undergangen blir finare om folk med boks får sin eigen vegg i byen. Det er heilt andre grunnar til at KrF-politikaren, som sit i bystyret, kjem med framlegget.- Dei som driv på med dette må føle at dei blir tekne på alvor. Fleire hevdar at dette er kunst, og desse må få ein stad å utfalda seg, held ho fram. - Fint for ungdomLikevel, ho er ikkje heilt framand for at det kan ha ein førebyggjande effekt.- Kanskje unngår ein at nokre veggar blir tilgrisa i sentrum. Ingenting treng å vera uprøvd, men for dei som gjer dette for spaninga si skyld har nok dette tiltaket liten verknad.I første omgang vil Høyen stille to nye undergangar nedst i Madlaveien til disposisjon for grafitti-ivrige siddisar.- Dersom det syner seg å bli ein suksess er eg sjølvsagt open for å frigje fleire undergangar.På saumfaring i gangen under Lagårdsveien blir ho lite imponert.- Nei, dette er ikkje fint. Her er det jo berre signaturar til ulike taggarar, seier ho.Ho er budd på at ikkje alle vil lika at ungdomen får fritt spelerom i utvalde undergangar. Høyen er dessutan høgst usikker på om produktet vil falla i smak for ho sjølv.- Her skal ungdomen få laga det dei likar, ikkje nødvendigvis det andre tykkjer er fint. Men eg håpar det blir mykje fargar. Tagge-konkurranse?Korleis ein skal organisera tagging og grafitti i dei to undergangane i praksis, er Høyen usikker på.- Fritidsseksjonen må få det overordna ansvaret, men korleis ein skal gjera det utover det, har eg ikkje tenkt så mykje på. Kanskje kan det organiserast som ein konkurranse som blir gjenteken med jamne mellomrom? Ein kan dessutan få med fritidsklubbar, bydelshus og liknande som får med seg ungdom som har dette som livsstil.Ho peikar på at dei fleste i hennar eige parti er positiv til framlegget.- Også RV er positive, medan dei andre partia ikkje har teke stilling til det enno, seier Høyen.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Lokalt

Thorbjørnsen: – Burde reagert på arbeidspresset

- Hvis det er noe som jeg tenker på om vi bør ta kritikk på, er at jeg ikke har sett det voldsomme arbeidspresset Helge har hatt, sier Per A. Thorbjørnsen.

Døv i trafikken

Går du i trafikkerte områder med hodetelefoner? Da er sannsynligheten for å bli truffet av en bil tre ganger høyere.

- Hensynet til jenta viktigst fra første stund

Per A. Thorbjørnsen snakket ikke med Helge Solum Larsen før han ga sine råd til den unge jenta som har anmeldt Larsen for voldtekt. Her forteller Thorbjørnsen og Iselin Nybø hvordan de siste døgnene har vært.

Thorbjørnsen må svare på spørsmål om Solum Larsens fortid

- Vi har aldri hørt eller sett at Helge Solum Larsen har begått overgrep eller oppført seg seksuelt krenkende overfor unge jenter tidligere, sier sentrale venstrefolk.

Søvnløse og triste

Politikerkolleger i Stavanger opplever voldtektssiktelsen mot Helge Solum Larsen som trist og tragisk for alle involverte.

Relaterte bilder

Arnhild Aano Høyen vil frigje undergangar til grafitti og tagging. Sjølv om produktet neppe vil falle i smak hjå politikaren. Tagginga ved Lagårdsveien likte ho ikkje. FOTO: Pål Christensen

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet