Ikkje feil ved bremsene

Det vart ikkje funne tekniske feil ved bremsene på ulykkesbilen på Nærbø. Billøpet i Jærhagen er utsett frå søndag til 10. september, gokartbanen på Reve stengt.

16 år gamle Adrian Kvia døde straks då bilen trefte han då han stod vakt under Nærbø Motorfestival. Ein annan ungdom vart sterkt skada.

Ulukkesbilen vart i går saumfaren. Overingeniør Ola Undheim i Statens Vegvesen var i går på Nærbø saman med Ove Witthøft frå Norges Bilsportforbund og gjennomførte teknisk undersøking.

Undheim gav ei munnleg orientering til politiet måndag ettermiddag. Den skriftlege rapporten kan kanskje koma neste veke.

- Det vart ikkje funne tekniske svikt ved bilen eller bremsene. Men det har skjedd før at bremseeffekten har svikta når bremseveska har vorte svært oppheta, fortel Geir Ove Kollsgård.

Han er leiar for avdeling Nordsjø og Miljø ved Rogaland politidistrikt. Dei har tatt over granskinga av ulukka blant anna fordi Hå lensmannskontor er blant dei som gav løyve til festivalen.

Brei etterforsking
- Etterforskinga startar no. Difor har eg ingen kommentar til kvifor eller korleis ulukka skjedde, seier Kollsgård.

- Politiet vil gå svært breitt inn i ulukka. Me vil belysa både menneskelege og tekniske faktorar og organisatoriske forhold for å finna samanhengane som førte til ulukka.

- Dette er ikkje ei trafikkulukke. Det er ei ulukke som skal belysast grundig. Med å gjera ein god jobb her, kan me kanskje vera med å førebyggja nye ulukker, seier han.

Ikkje svar enno
- Det er altfor tidleg å dra konklusjonar, seier også Roar Forgaard. - Førebels veit me ingen ting sikkert om årsaka, seier presidenten i Norges Bilsportforbund.

Han er, som mange andre, rysta over ulukka. - Tragisk og meiningslaust, seier han.

- Blir det fleire festivalar på Nærbø?

- Det er umuleg å seia no. Først må me få vita kvifor dette skjedde. Så er det mykje opp til den ansvarlege arrangørklubben KNA Stavanger og ikkje minst til eldsjelene på Nærbø. Dei har nemleg gjort litt av ein jobb, og det er dei som har dreg arrangementet.

reidun.gudmestad@aftenbladet.no


Les også

Nærbø Motorfestival

SIDAN 1997: Første gong arrangert på Nærbø i 1997. Seinare har det vore eit par opphald, men i år var det klar for fartsfest igjen.

OMFANG: 50 bilar var påmeldt i år.

ULYKKE: 16 år gamle Adrian Kvia vart påkjørt og drepen under Nærbø Motorfestival søndag.

Siste nytt

Siste 100 saker